Arne Legernes

norsk ingeniør og fotballspelar

Arne Legernes (fødd 18. mai 1931) er ein tidlegare fotballspelar og -trenar frå Molde. Mellom 1955 og -61 spela han 41 landskampar for Noreg. Han var aktiv for klubbane Molde FK, Freidig og Larvik Turn. Midtanespelaren Legernes «var uhyre kondisjonssterk, tok seg alltid helt ut og nedla et kjempearbeide på midtbanen. Rent teknisk var han også på høyden, og han var en mester i å restere lekre framlegg».[1]

Arne Legernes
Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. mai 1931
Molde kommune
Død

14. august 2022 (91 år)
Nesodden

Yrke fotballspelar, ingeniør, fotballtrenar

Klubbspel endre

Legernes spela for Molde Fotballklubb frå 1948 til -53, mellom andre saman med brørne sine; Odd, Bjørn og Tore Legernes. Då han byrja studere til elektroingeniør i Trondheim, melde han i 1954 overgang til hovudserielaget Freidig. I 1956 var han tilbake i Molde og var med å sikre klubben opprykk til Hovudserien 1957/58. Våren 1958 fekk Legernes arbeid i Larvik, og spela så for Larvik Turn fram til 1962. Klubben, som hadde vunne tre seriemeisterskap tidlegare på 1950-talet, kom i Legernes sin fyrste sesong på andreplass i avdeling B av hovudserien.

Landslagsspel endre

Legernes debuterte på Noregs landslag som Freidig-spelar i 1955. Gjennom sju sesongar spela han 41 landskampar[2], og skåra eitt mål. Høgdepunktet som landslagsspelar opplevde han på Ullevål den 12. juni 1957, då Ungarn kom på besøk. Få år tidlegare hadde Ungarn hatt verdas beste fotballlandslag, så det var stort for Noreg å gå av bana med 2-1-siger. Same sesongen skåra Legernes sitt einaste landslagsmål, då han opna skåringskontoen i Reykjavik, Noreg vann til sist 3-0. Han tok på seg landslagstrøya siste gongen i Valetta hausten 1961, då heimelaget Malta og Noreg spela uavgjort 1-1.

Yrke, trenargjerning endre

Legernes budde og arbeidde i Larvik-perioden fram til 1966. Åra 1966–69 budde han i Setesdal, før han etablerte seg i Asker i 1969, der han tok jobb ved Norsk Hydro sitt verk på Vækerø. Ved sidan av hovudyrket var han trenar for Noregs ungdomslandslag 1970 og -71, saman med Øivind Johannessen. Han tok over etter Arne Bakker som trenar for Stabæk der han var i to periodar. Seinare trena Legernes også Asker og Jevnaker.

Notar endre

  1. Magnus Breili:Fotballboken. 1967
  2. http://eu-football.info/_player.php?id=11973

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar