Vegsjef Arne Nilsen

norsk politikar
(Omdirigert frå Arne Leonhard Nilsen)

Arne Leonhard Nilsen (21. juli 18935. april 1957) var ein norsk ingeniør frå Kristiansand, tilsett i Statens vegvesen i 45 år. Frå 1954 til han døydde i 1957 var han stortingsrepresentant for partiet Høgre og Aust-Agder fylke.

Far til Arne Nilsen var kjøpmann. Sjølv tok han eksamen ved Trondhjems tekniske læreanstalt i 1912 og fekk omgåande stilling i Statens vegvesen. Dei neste åra fram til 1916 arbeidde han periodevis på vegkontora i Nord-Trøndelag, Rogaland, Buskerud og Finnmark, før han åra 1916-19 var tilbake i Rogaland. Etter eit studieår i Frankrike var Nilsen avdelingsingeniør 1920-35 i Statens vegvesen i Sogn og Fjordane og 1935-38 i Statens vegvesen i Hedmark. Frå 1938 til -43 var han vegsjef i Troms fylke, der etter vegsjef i Aust-Agder fylke til han døydde i 1957.

Nilsen var frå 1944 til 1956 formann i Fylkesarbeidsnemnda i Aust-Agder. Han representerte Høgre i Arendal bystyre i dei to periodane 1947-51 og 1952-55. Hausten 1953 vart han vald inn på Stortinget på ei fellesliste med Bondepartiet. På Tinget tok han plass i Samferdslekomiteen. Nilsen døydde knapt 8 månader før tingperioden var over, Jørund Kvaale rykte då opp frå varamannsplassen.

Kjelder endre