Arne Nævra

norsk fotograf og politikar

Arne Nævra (fødd 7. desember 1953 i Øvre Eiker) er ein norsk naturfotograf og SV-politikar.[1] Han vart vald inn på Stortinget som representant for Buskerud ved stortingsvalet i 2017.

Arne Nævra

Fødd7. desember 1953 (70 år)
Øvre Eiker kommune
Statsborgar avNoreg
PartiSosialistisk Venstreparti
Yrkenaturfotograf, politikar, pedagog
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
Alle verv

Nævra er ein norsk naturfotograf og naturfilmskapar. Han har i mange år vore knytt til naturredaksjonen i NRK, som bidragsytar til programserien Ut i naturen. Han har òg produsert fleire omfattande seriar i eige selskap (Naturbilete) for NRK, blant annan familieserien Vi på Langedrag (27 episodar), villmarkserien Villdyr og villmark (9 episodar), som gjekk på NRK i 2003 og 2004, Antarktis – en eventyrlig seilas (3 episodar) i 2008 og serien Norske Naturperler (8 episodar), som han laga saman med Torgeir Beck Lande. Han har òg laga direktesending frå tuirleik på NRK.

Nævra fekk Friluftslivets Hederspris 2013.[2]

Referansar endre

  1. Arne Nævra, stortinget.no
  2. «Friluftslivets Hederspris 2013 til Arne Nævra» Arkivert 2013-12-24 ved Wayback Machine., fra nettsidene til Friluftsrådenes Landsforbund