Arne Sandnes

norsk politikar (fødd 1947)
Sjå òg Arne Sandnes (fødd 1924).

Arne Sandnes (fødd 1947)[1] er ein norsk bonde og senterpartipolitikar frå Valldal på Sunnmøre. Han vart vald til ordførar i Norddal kommune i 2015. Han var også ordførar frå 1999 til 2007 (direkte val)[2][3] og i perioden 1988–1993.

Arne Sandnes
Fødd15. februar 1947 (77 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar
MorLilly Sandnes
VervOrdførar i Norddal 2015-
FøregangarBjørn Inge Ruset (Ap)
VervOrdførar i Norddal 1999-2007
FøregangarGudmund Relling (V)
EtterfylgjarBjørn Inge Ruset
VervOrdførar i Norddal 1988-1993
FøregangarKarl A. Døving (Sp)
EtterfylgjarGudmund Relling (V)
Alle verv
  • ordførar i Norddal (2015–2019)
  • ordførar i Norddal (1999–2007)
  • ordførar i Norddal (1988–1993)
  • vararepresentant til Stortinget (1993–1997) Sjå dette på Wikidata

Arne Sandnes er utdanna sivilagronom ved Norges landbrukshøgskole på Ås. Han har tidlegare vore bistandsarbeidar for NORAD og ambassadesekretær for bistandssaker i Zambia. Han har også vore dagleg leiar for Muritunet senter for rehabilitering.[4][5]

Kjelder

endre

Referansar

endre
  1. Tafjord, Leonhard og Terje Linge (1997): Ættebok for Norddal. 2. utgåve. Valldal: Norddal kommune, s.69.
  2. «Fem ordførarkandidatar - åtte lister». Stofjordnytt på nett. 23. april 2003. Henta 12. januar 2012. 
  3. Trond Vestre (12. juni 2007). «Norddal». NRK Møre og Romsdal. Henta 12. januar 2012. 
  4. http://www.muritunet.no/ vitja 12.januar 2012
  5. «Murituner-Senter for Meistring og Rehabilitering». Arkivert frå originalen 2. april 2015. Henta 3. mars 2015.