Arne fabrikker var ein tekstilfabrikk i Ytre Arna ved Bergen. Fabrikken vart starta i 1846 av Peter Jebsen. Allereie i 1844 kjøpte han opp rettane til Blindheimselva i Arna for å nytta vasskrafta til industriell bruk. I 1960-åra var bedrifta ein av dei største tekstilprodusentane i Noreg, og produserte blant anna sengetøy, garn, soveposar og vatterte teppe.[1]

Arna Næringspark i det gamle Arne Fabrikker (Bomullsvarefabrikken) ved Sørfjorden
Foto: Svein Harkestad
Arna Industrihus i det gamle Arne Fabrikker (Ullvarefabrikken) ved Blindheimselven. Statue: «Tekstilarbeiderkvinnen» av Os-kunstnaren Arne Mæland
Foto: Svein Harkestad

I 1845 underteikna Peter Jebsen kjøpekontrakt på Blindheimselven («Elvæ») frå Gaupås som renn ut i Ytre Arna, og grunnla det som blei landets første mekaniserte bomullsveveri. Han brukte halve formua si, 200 spesiedalar, på å kjøpe elva. Verksemda vaks raskt, og etter kvart blei det bygd både bomullsspinneri, fargeri og bleikeri på staden. Dette blei starten på Arne Fabrikker, ein av dei største og viktigaste tekstilfabrikkane i landet. Verksemda Arne Fabrikker romma to større fabrikkar: bomullsvarefabrikken og ullvarefabrikken. Bygda Ytre Arna ble bygd opp rundt fabrikkane, og utvikla seg til eit industrisamfunn som trakk til seg arbeidarar frå heile Vestlandet. Fabrikken var også i stor grad samfunnsorganisator, og i tillegg til arbeidsplassar sytte den for bustadar, skule, idrettsanlegg, fattigvesen, vegbygging, brannkorps, lege, samfunnshus med kino og kyrkje – eit komplett lite samfunn.[2]

Fabrikkane i nyare tid endre

Fabrikkanlegget (Bomullsvarefabrikken) er på 20 000 kvm og ligg nedst ved Sørfjorden. I dag er dette Arna Næringspark. Her held også tekstilbedrifta Oleana og Ytre Arna Historielag til.

Fabrikkanlegget (Ullvarefabrikken) ligg ved Blindheimselven (Elvæ) øvst i Ytre Arna. I dag er dette Arna Industrihus.[3]

Galleri endre

Kjelder endre

  1. «Arne Fabrikker». Store norske leksikon. Henta 29. april 2021. 
  2. «Historia om Ytre Arna – ei moderne noregshistorie i miniatyr». Bjørn Bremerthun, Ytre Arna historielag. Arkivert frå originalen 29. april 2021. Henta 29. april 2021. 
  3. «Arna Industrihus», Arna Industrihus (på norsk bokmål), henta 28. januar 2023 
  4. Vareprøve i Digitaltmuseum.

Bakgrunnsstoff endre

«Arne Fabrikker» i Store norske leksikon, snl.no.