Opna hovudmenyen

Arnold Sommerfeld

tysk matematikar og fysikar

Arnold Johannes Wilhelm Sommerfeld (5. desember 186826. april 1951) var ein tysk teoretisk fysikar og pioner i utviklinga av atom- og kvantefysikken.

Arnold Sommerfeld
Sommerfeld1897.gif
FøddArnold Johannes Wilhelm Sommerfeld
5. desember 1868
Königsberg
Død26. april 1951
München
NasjonalitetTyskland
Områdeteoretisk fysikk, matematisk fysikk, spektroskopi
Yrketeoretisk fysikar, matematikar, fysikar, universitetslærar
InstitusjonarLudwig-Maximilians-Universität München
RWTH Aachen
Universitetet i Göttingen
Technische Universität Clausthal
Alma materAlbertina
DoktorgradsrettleiarFerdinand von Lindemann
MedlemRoyal Society
National Academy of Sciences
Det bayerske vitskapsakademiet
Det sovjetiske vitskapsakademiet
American Academy of Arts and Sciences
Det ungarske vitskapsakademiet
Det russiske vitskapsakademiet
Det prøyssiske vitskapsakademiet

Sommerfeld studerte matematikk og naturvitskap ved Albertina Universitetet i heimbyen hans Königsberg i Aust-Preussen. Avhandlinga hans vart skriven med hjelp av rådgjevar og matematikar som Ferdinand von Lindemann. Han gjennomførte den nasjonale eksamenen i 1892 og då byrja han på eit år med militærteneste, som vart gjort med eit reserve-regiment i Königsberg. Han fullførte den obligatoriske militærtenesta si i september 1893, og for dei neste åtte åra stod han oppført som frivillig med åtte veker militærteneste.

Sommerfeld var ein anerkjent stor teoretikar og han hadde fleire uvurderlige bidrag til kvanteteorien. Han vart tildelt mykje heider i levetida si, som t.d. Lorentzmedaljen og Max-Planck-medaljen. Dessutan vart at han valt til medlem av Royal Society i London, United States National Academy of Sciences, Det sovjetiske vitskapsakademiet og Det indiske vitskapsakademiet. Sommerfeld står bak utdanninga av mange studentar for ein ny æra med teoretisk fysikk. Han vart 81 gonger nominert til Nobelprisen i fysikk, og han fungerte som professor og rettleiar for fleire seinare nobelprisvinnarar i fysikk enn nokon annan rettleier. Sommerfeld døydde, i ein alder av 83 år, i München av skadar etter ei trafikkulukke medan han gjekk tur med barneborna hans.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra