Artas (arabisk أرطاس) er ein palestinsk landsby fire kilometer sørvest for Betlehem i Betlehem guvernement, sentralt på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på 3 663 i 2007.[2]

Artas
أرطاس
kommune
Hortus Conclusus-klosteret i Artas
Namneopphav: Urtas, etternamn[1]
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Betlehem guvernement
Koordinatar 31°41′21″N 35°11′10″E / 31.68917°N 35.18611°E / 31.68917; 35.18611
Areal 4,3 km²
Folketal 3 663  (2007)
Folketettleik 852 / km²
Kart
Artas i Betlehem
31°41′21″N 35°11′10″E / 31.689166666667°N 35.186111111111°E / 31.689166666667; 35.186111111111
Wikimedia Commons: Artas

Historie endre

 
Artas, 1940

Landsbyen vart ein del av Det osmanske riket i 1517 i lag med resten av Palestina, og i 1596 stod han oppført i skattelister som ein del av Quds nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 32 muslimske hushaldningar.[3]

Fram til 1800-talet, hadde innbyggjarane i Artas ansvar for Salomodammane, ei tunikt vassystem som gav vatn til Betlehem og Herodium og Tempelhøgda eller Haram al-Sharif i Jerusalem.[4]

Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja området i juli 1863,[5] og han estimerte at landsbyen hadde kring 300 innbyggjarar. Mange av husa i landsbyen var bygde av gamle byggemateriale.[6]

I 1883 skildra Palestine Exploration Fund landsbyen i Survey of Western Palestine som «ein liten landsby høgt oppe i ei li, med gode kjelder bak.»[7]

Det britiske mandatet endre

I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Urtas eit folketal på 433, dei fleste muslimar, medan 44 var kristne.[8] I folketeljinga i 1931 var folketalet i Artas 619 i 123 busette hus.[9]

I 1945 auka folketalet i Artas til 800, alle arabarar, som eigde 4 304 dekar land i følgje ei offisiell landmåling.[10] Av dette var 894 dekar var plantasjar og irrigert land, 644 for korn,[11] medan 54 dekar vart utbygd (urbant) land.[12]

Kjelder endre

  1. Palmer, 1881, s. 330
  2. 2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.118.
  3. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 116
  4. A Century and a Half of Women's Encounters in Artas
  5. Guérin, 1869, s. 104 ff
  6. Guérin, 1869, s. 108
  7. Conder og Kitchener, 1883, Vol III, 'Urtas'. s. 27.
  8. Barron, 1923, Table VII, Subdistrict of Betlehem, s. 18
  9. Mills, 1932, s. 35
  10. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 56
  11. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 101
  12. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 151

Bakgrunnsstoff endre