Arthur Compton
Arthur Holly Compton (10. september 1892 –15. mars 1962) var ein amerikansk fysikar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1927 «for oppdaginga av effekten som sida vart kalla opp etter han .»[1] Han delte prisen med C.T.R. Wilson, som fekk den for hans metode å gjere banene til elektrisk ladde partiklar synlege ved hjelp av kondensasjon av damp. [1]
Arthur Holly Compton | |
![]() Arthur Holly Compton | |
Fødd | Arthur Holly Compton 10. september 1892 Wooster i Ohio i USA |
---|---|
Død | 15. mars 1962 (69 år) Berkeley i California i USA |
Nasjonalitet | Amerikansk |
Område | Fysikkatomfysikk |
Yrke | fysikar, universitetslærar, teoretisk fysikar, kjernefysiker |
Institusjonar | Washington University in St. Louis University of Chicago University of Minnesota |
Alma mater | College of Wooster Princeton University |
Doktorgradsrettleiar | Owen Willans Richardson H. L. Cooke |
Doktorgradsstudentar | Winston H. Bostick Robert S. Shankland |
Kjend for | Comptoneffekt Comptonlengde Comptonspreiing Comptonbølgjelengd Comptonskift |
Utmerkingar | Nobelprisen i fysikk (1927) 1940 |
Medlem | Det prøyssiske vitskapsakademiet Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina American Academy of Arts and Sciences Accademia Nazionale dei Lincei American Philosophical Society American Association for the Advancement of Science American Physical Society Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen National Academy of Sciences |
Compton tok filosofisk doktorgrad i 1916 og vart lærer i fysikk ved University of Michigan same år. Han var tilsett ved Westinghous lamp co. i perioden 1917–19 og dreiv vitskaplege studiar ved University of Cambridge i 1990–20. I perioden 1920–23 var han professor ved Washington University og frå 1923 ved University of Chicago. [2]
Compton utførte store arbeider innan ein rekkje område av fysikken, først og fremst atomfysikken. Mellom anna utførte han bølgjelengdavgjersler av harde gammastrålar. Ved å sende foton på elektron kunne han viser korleis elektrona flytta seg og at lyset hadde fått ei ny bølgjelengd. Dette vart i 1923 kjend som comptoneffekten, som seinare førte til Nobelprisen i fysikk. Compton lukkast òg med å vise at røntgenstrålene, på same måte som det vanlege lyset, kunne totalreflekterast, og han var den første som med framgang nytta diffraksjonsgitter for absorpsjon av røntgenspektrum.[2]
Compton vart i 1954 utnemnd til den tyske ordenen Pour le Mérite für Wissenschaften und Künste.
Prisar (utval)Endra
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Arthur Compton» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Nobelprisen i fysikk 1927» (engelsk). Nobelprize.org. Henta 22. februar 2012.
- ↑ 2,0 2,1 Svensk uppslagsbok, Malmö 1931