Haider Saleem, kjend som Haji Saleem eller berre Haji, er ein norsk songar og låtskrivar fødd i Oslo. I 2005 deltok han i IdolTV 2 og i 2008 var han med i dokumentaren 99% ærlig.[1][2]

Haji
FødestadOslo i Noreg
FødenamnHaider Saleem
AliasHaji Saleem og Haji
InstrumentVokal
Verka somSongar og låtskrivar

Melodi Grand Prix 2012 endre

21. januar 2012 deltok han, saman med Benedicte Adrian og Kristian Rønning i gruppa United, i Melodi Grand Prix 2012 med den engelskspråklege songen «Little Bobbi». Kvart bidrag måtte delta i éin av dei tre semifinalane for å kvalifisere seg til finalen. Songen vart vald ut til å delta i den fyrste semifinalen 21. januar 2013.

Semifinale 1 endre

Bidraget starta som nummer seks, etter Lisa Stokke med «With Love» og før Nora Foss al-Jabri med «Somewhere Beautiful». «Little Bobbi» fekk ikkje ikkje nok røyster til å gå vidare til finalen.

Melodi Grand Prix 2013 endre

26. januar 2013 deltok han i Melodi Grand Prix 2013 med den engelskspråklege songen «Shine With Me». Kvart bidrag måtte delta i éin av dei tre semifinalane for å kvalifisere seg til finalen. Songen vart vald ut til å delta i den andre semifinalen 26. januar 2013. 23. januar 2013 vart songen offentleggjort i fjernsynsprogrammet MGP Direkte.

Semifinale 2 endre

Bidraget starta som nummer seks, etter Fjellfolk med «Ulvetuva» og før Margaret Berger med «Feed You My Love». «Shine With Me» fekk ikkje ikkje nok røystar til å gå vidare til finalen.

Filmografi endre

Fotnotar endre

  1. «Lokker frem smil med frisk sommerlåt» (på norsk). dittOslo. 4. juni 2012. Henta 26. januar 2013. 
  2. «99% ærlig» (på engelsk). IMDb. Henta 26. januar 2013. 

Bakgrunnsstoff endre