Arv i programmering
i programmering
- For andre tydingar av arv, sjå arv (fleirtyding)
Arv i datateknisk forstand er når ein ved objektorientert programmering lèt ein ny klasse overta eigenskapane til ein eksisterande klasse som alt er definert. I tillegg kan ein gje den nye klassen særeigne eigenskapar. Slik kan ein bruke koden opp att med liten eller ingen endring.
Arv vart fyrste gong brukt i 1967 i det norskutvikla programeringsspråket Simula.