Asbel Kipruto Kiprop (fødd 30. juni 1989) er ein kenyansk mellomdistanseløpar, olympisk meister og verdsmeister på 1500 meter - distansen han oftast tevlar i. Hans personlege bestetid på 1500 meter er 3,27.72 (Monaco, 2013).[1]

Asbel Kiprop


Statsborgarskap Kenya
Fødd 30. juni 1989 (34 år)
Eldoret
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2012, Friidrett under Sommar-OL 2016

Gjennombrotet til Kiprop kom i 2007, då han vann gull i terrengløp under junior-VM, vann gull på 1500 meter under dei panafrikanske leikane og debuterte i VM i friidrett 2007 i Osaka, der han kom på fjerdeplass på 1500 meter.

Asbel Kiprop OL-debuterte i sommar-OL 2008 i Beijing, og sprang heilt inn til ein andreplass på 1500 meter, bak Rashid Ramzi frå Bahrain. Då Ramzi seinare testa positivt for doping, vart OL-gullet gitt til Kiprop. Dette gjorde at Kiprop blei den yngste olympiske meisteren på 1500 meter nokonsinne. Asbel Kiprop vart verdsmeister i VM i friidrett 2011 i Daegu med tida 3,35.69. To år seinare vart han igjen verdsmeister under VM i friidrett 2013 i Moskva, der norske Henrik Ingebrigtsen kom på ein åttandeplass.

Asbel Kiprop deltok også i Sommar-OL 2012 i London, men kom ikkje lenger enn til tolvteplass i finaleløpet. Ingebrigtsen sprang derimot inn til femteplass og sette ny norsk rekord på 1500 m.

Kjelder endre

«Asbel_Kiprop» i Store norske leksikon, snl.no.

Fotnotar endre