Aloefamilien

plantefamilie
(Omdirigert frå Asfodillfamilien)
Aloefamilien
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrike: Viridiplantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Aspargesordenen Asparagales
Familie: Aloefamilien Asphodelaceae
Juss., 1789

Aloefamilien, også kalla dagliljefamilien eller asfodillfamilien, er ein plantefamilie i aspargesordenen. I APG III- og APG IV-systemet er familien utvida i høve til eldre systematikk ved at tre eldre familiar Asphodelaceae (aloefamilien i snever tyding), Xanthorrhoeaceae og Hemerocallidaceae (dagliljefamilien) er slått saman. I APG III-systemet blir den nye familien kalla Xanthorrhoeaceae, men i APG IV er namnet endra til Asphodelaceae.

Artane i familien er fleirårige urter, buskar og tre. Dei er utbreidde i Afrika, Eurasia, Australia, New Zealand, stillehavsøyane og i vestlege Sør-Amerika. Ingen av artane veks naturleg i Noreg, men ein del av dei finst som hageplanter og nokre av desse finst av og til forvilla.

Slekter endre

To slekter er registrerte i Noreg:[1][2]

Kjelder endre

  1. Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 209–210, 1150. 
  2. «Artsdatabanken: Namnetre aloefamilien». Artsdatabanken. 5. mars 2023. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Aloefamilien