Ashdod (hebraisk skrift אַשְׁדּוֹד; arabisk اشدود, إسدود Isdud) er den femte største byen i Israel, i Det sørlege distriktet ved kysten av Middelhavet, 32 km sør for Tel Aviv, 20 km nord for Ashkelon og 53 km vest for Jerusalem. Ashdod er eit viktig industrisenter i regionen. Hamna i Ashdod er den største hamna i ISrael, og tar i mot 60% av importerte varer i landet.

Ashdod
by
Ashdod
Flagg
Land  Israel
Distrikt Det sørlege distriktet
Koordinatar 31°48′0″N 34°39′0″E
Areal 47,242 km²
Folketal 240 400  (2013)[1]
Grunnlagd 1956
 - Bystatus 1968
Borgarmeister Yehiel Lasri
Kart
Ashdod
31°47′52″ N 34°39′1″ E
Wikimedia Commons: Ashdod

Den første dokumenterte busetnaden i Ashdod går attende til kanaanittisk kultur på 1600-talet fvt.,[2] noko som gjer han til ein av dei eldste byane i verda. Ashdod er nemnt 13 gonger i Bibelen. Gjennom historia har byen vore busett av filistrane, israelittane, bysantinarane, krossfararar og arabarar.[3]

Den moderne Ashdod vart grunnlagd i 1956 på sandåsane nær den eldgamle byen, og fekk bystatus i 1968. Landareal dekkjer kring 60 kvadratkilometer. Han er ein planlagd by og vart utvida følgje ein utviklingsplan, som forenkla trafikken og hindra luftforrureining i bustadområde, trass i folkevekst. I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå hadde Ashdod eit folketal på 240 400 ved byrjinga av 2013, den sjette største byen i Israel,[4] og eit areal på 47 kvadratkilometer.[5]

Historie endre

Antikken endre

 
Ashdod sett ovanfrå.
 
Ashdod-Yam

Staden der Ashdod ligg var i bronsealderen og jernalderen på ei høgd like sør for den moderne byen. Han vart utgraven av arkeologar i ni omgangar mellom 1962 og 1972.[6][7]

Busetjinga i Ashdod er datert frå eldre steinalder.[2] Ashdod er nemnt i dokument skrivne på ugarittisk, eit språk nytta i Kanaan. Mot slutten av 1200-talet fvt. erobra og øydela havfolka Ashdod. I byrjinga av 1100-talet fvt., styrte filistrane, som ein meiner har høyrt til havfolka, byen. Under regjeringstida deira blømde byen og vart eit medlem av det filistinske pentapolis,[8] som omfatta Ashkelon, Ekron, Gath og Gaza i tillegg til Ashdod.

I 950 fvt. vart Ashdod øydelagd under erobringa til farao Siamun av regionen. Byen vart ikkje bygd opp att før minst 815 fvt. Kring 715 fvt. vart han erobra av Sargon II,[9] som øydela byen og sende innbyggjarane i eksil, inkludert somme jødar som sidan slo seg ned i Media og Elam.[10] Asdûdu leia opprøret til filistrane, judearane, edomittane og moabittane mot Assyria etter kong Akhimeti vart driven bort. Han vart sett inn av Sargon i staden for broren hans, Azuri. Gath (Gimtu) høyrte til kongedømet to the kingdom of Ashdod at that time.[11] Ei assyrisk general, Tartan, fekk kontroll over Ashdod i 711,[12][13] og tvang «tronranarane» Yamani på flukt. Mitinti var konge kring tida til Sennacherib, og Akhimilki i regjeringstida til Esarhaddon. Psamtik I av Egypt skal ha kringsett den store byen Azotus i 29 år (Herodotus, ii. 157). Bibelen referer til restane av Ashdod (Jeremia 25:20) og er tolka som indikasjonar om denne hendinga.

Byen gjekk på eit nytt nederlag i 605 fvt., då Nebudkanesar erobra han.[3] I 539 fvt. vart byen bygd opp att persarane, men vart erobra i krigane til Aleksander den store.(Nehemja 13:23)

I Nehemja verka ashdodittane å representere heile nasjonen til filistrane på 500-talet fvt.,[14] Ashdod-målet (som den yngre generasjonen av jødar tar til seg) var berre ein dialekt av målet til filistinarane. Hugo Winckler forklarar bruken av namnet ved at Ashdod var den byen til filistinarane som låg nærast Jerusalem.[15]

Bibelreferansar endre

Josva erobra det lovde landet vart Ashdod tildelt Juda-stamma (Josvas bok 15:46).

I Samuel I 6:17 vart Ashdod nemnt blant dei fremste filistinar-byane. Etter å ha stole Paktas ark frå israelittane, tok filistrane denne til Ashdod og plasserte han i Dagontempelet. Morgonen etter vart Dagon funnen i ruinar kring Arka. Då tempelet vart bygd opp att kring Arka vart det igjen, morgonen etter funne ruinar. Folket i Ashdod vart råka av byllar, ein pest med mus vart send over landet(1 Samuel 6:5).[16]

I følgje Bibelen vart Ashdod på 900-talet fvt., i lag med heile kongedømet til filistrane, eit verneområde for Kongedømet Israel, kontrollert av kong David.

Kong Uzziah av Juda erobra Ashdod etter 815 fvt. og dette er nemnt i 2. Krønikebok (26:6) og i Sakarja (9:6), som talar om dei falske jødane. I Jesaja (20:1) vart ein assyrisk general kalla Tartan, send av Sargon, og fekk kontroll over Ashdod i 711.

I Nehemja (13:23–24), kring 400-talet fvt., skal innbyggjarar frå Jerusalem ha gifta seg med kvinner frå Ashdod, og halvparten av borna frå desse ekteskapa kunne visstnok ikkje forstå hebraisk. I staden talte dei «språket frå Ashdod».

I Apostelgjerningane (8:40) i det første hundreåret, vert Azotus (det hellenistiske namnet på Ashdod) som ein stad der evangelisten Filip dukka opp att etter han konvertere den etiopiske evnukken til kristendom.

Hellenistisk tid endre

 
Ashdod-Yam-festninga

Byen blømde som Αzotus (Άζωτος) under hellenarane sitt styre, fram til det hashmoneiske opprøret. Under opprøret kom Judas Makkabeus til portane, men erobra ikkje byen. Han etterlet byen til broren Jonathan, som erobra han i 147 fvt. og øydela Dagon-tempelet.[17] I følgje Josefus (Jødiske oldsaker 13:15, bind 4), heldt Alexander Jannæus byen. Pompeius gav byen attende sjølvstendet sitt ved å byggje opp att forsvarsmurane, sjølv om han låg innafor landområdet til Herodes og Salome (Jødiske oldsaker 17:18, bind 9), og Vespasian måtte seinare ta byen med makt.

Trass i at han låg 6 km frå kysten, skildra både Ptolemaios og Josefus byen som ein maritim by. Denne skildringa kjem av at Ashdod kontrollerte ei hamn ved kysten, kalla Azotus Paraliyus,[18] eller Ashdod-Yam (Jødiske oldsaker 13:15, bind 4). Byen var framleis mektig til ut på 600-talet, då ein citadell vart bygd i Azotus Paraliyus som ein skanse mot den bysantinske marinen. Vest for den skogkledde høgda som byen ligg, finst det framleis spor av den gamle hamna Kal'at Al Mina.

Arabarar, krossfarar og mamelukkane endre

Isdud kom under muslimsk styre på 600-talet. Geografen Ibn Khordadbeh kalla han as «Azdud», og skildra han som ein poststasjon mellom al-Ramla og Gaza.[19]

Osmansk styre endre

 
Isdud, kring 1914–1918

Landsbyen låg langs Via Maris og dette gjorde at byen framleis var viktig under osmansk styre. I 1596 høyrte han til Gaza nahiya i Gaza liwa', og folketalet vart då kring 413.[20] Innbyggjarane betalte skatt for kveite, bygg, sesam og fruktavlingar, i tillegg til geiter og bikubar.[21]

Seint på 1800-talet vart Isdud skildra som ein landsby spreidd over austsida av ei høgd, dekt med hagar. Ruinane av ein khan stod sørvest for landsbyen. Husa var ein etasjar høgde med murar og innhegningar bygde av adobestein. Det var to vasskjelder: ein dam og ein murbrunn. BEgge var omgjeve av lundar med daddelpalmar og fikentre.[22]

Det britiske mandatet endre

Under Palestinamandatet hadde Isdud to grunnskular; ein for gutar som opna i 1922, og ein for jenter, som starta i 1942. I midten av 1940-åra hadde guteskulen 371 elevar, medan jenteskulen hadde 74.[23]

Krigen i 1948 endre

Landsbyen Isdud vart okkupert av den egyptiske hæren den 29. mai 1948, og vart den nordlegaste egyptiske stillinga under den arabisk-israelske krigen i 1948. Israelarane klarte ikkje å erobre området, og leid store tap, men Egypt endra strategi undervegs og gjekk frå å vere offensiv til defensiv, og stoppa derfor framrykkinga nordover.[24] Egyptiske og israelske styrkar støytte saman i området rundt landsbyen, og egyptarane klarte ikkje å halde Ad Halom-brua over Lakhishelva. Israelske styrkar kringsette byen under Operasjon Pleshet, og bomba byen frå lufta.[25] I tre netter frå 18. oktober bomba Det israelske luftforsvaret Isdud og fleire andre stader.[26] Egyptarane frykta å bli kringsett og trekte seg attende den 28. oktober 1948 og di fleste av innbyggjarane flykta. Dei 300 som var att vart drivne sørover av Det israelske forsvaret.[27][28]

Staten Israel endre

 
Ashdod i 1957.

I 1950 vart moshavane Sde Uziyahu og Shtulim oppretta aust for Isdud, og i 1949 og 1953 vart Bnei Darom og Gan HaDarom grunnlagd nord for Isdud. I følgje Khalidi vart dei grunnlagde på landområdet til landsbyen.[29]

Den moderne byen Ashdod vart grunnlagd i 1956. Den 1. mai 1956, då finansministeren Levi Eshkol godkjende grunnlegginga av byen Ashdod. «Ashdod Company Ltd.», eit dotterselskap til City-Builders Company Ltd., vart oppretta for å byggje byen av Oved Ben-Ami og Philipp Klutznick. Dei første innbyggjarane var 22 familiar frå Marokko, som kom i november 1956,[30] og ei gruppe immigrantar frå Egypt kom sidan til. I juli 1957 gav regjeringa 24 kvadratkilometer, kring 32 km frå Tel Aviv, til Ashdod Company Ltd., for å byggje den moderne byen Ashdod.[30] Bygginga av Eshkol A kraftverk i Ashdod stod ferdig i 1958 og inkludert tre einingar: To einingar på 50 megawatt, og ei eining på 45 megawatt.

Den første lokale kommunestyre vart utpeikt i oktober 1959. Dov Gur vart den første ordføraren på vegner av det israelske innanriksdepartementet.[31] Bygginga av hamna i Ashdod byrja i april 1961. Hamna vart opna i november 1963, og kom først i bruk i november 1965, då det svenske skipet «Wiengelgad» la til der.[30]

Den store veksten i byen byrja i 1991 då store mengder immigrantar frå det tidlegare Sovjetunionen og Etiopia kom til byen, og infrastrukturen byrja å utvikle seg. Frå 1990 til 2001 tok byen i mot meir enn 100 000 nye innbyggjarar, ein vekst på 150 %.[32]

Geografi endre

Ashdod-Nitzanim sanddyne naturreservat er eit 20 km langt område med sanddyner sør for utkanten av Ashdod.

Klima endre

Ashdod har eit middelhavsklima med varme somrar, behagelege temperaturar om våren og hausten, og kjølige, regnfulle vintrar. Sidan han ligg ved kysten er luftfukta høg året rundt, og regnet kjem hovudsakleg frå november til mars. Om vinteren fell temperaturen sjeldan under 5 °C og vil normalt sett ligge mellom 10 og 15 °C, medan middeltemperaturen om sommaren er 27 °C. Årsmiddelnedbøren er 510 mm.

Vêrdata for Ashdod
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 17,2 19,5 23,7 26,9 27,4 29,5 31,8 30,1 29,2 26,5 23,6 19,2 25,4
Gjennomsnittleg min °C 7,1 9,8 12,3 15,9 16,8 19,2 21,6 20,4 18,1 15,5 11,7 9,5 14,8
Gjennomsnittleg nedbør mm 127,9 98,6 61,4 17,8 3,1 0 0 0 2,3 29,2 69,8 114,7 524,8
Kjelde: Israelsk statistisk sentralbyrå[33][34]

Idrett endre

Fotballaget i Ashdod, F.C. Ashdod, representerer byen i eliteserien i israelsk fotball. Det beste basketballaget i byen er Maccabi Ashdod. Både herre- og kvinnelaget spelar i den øvste ligaen.

Ashdod har våre vertskap for mange nasjonale og internasjonale idretts- og sportskonkurransar, mellom anna den årlege Ashdod internasjonale sjakkfestival. Byen har eit cricketlag,[35] noko som er sjeldan i Israel. Strendene i Ashdod gjev gode høve for vassport som brettsegling og dykking.

Venskapsbyar endre

Ashdod er venskapsby med

Kjelder endre

  1. «Table 3 – Population of Localities Numbering Above 2 000 Residents» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 31. desember 2009. Henta June 28, 2010. 
  2. 2,0 2,1 M. Dotan (1990). Ashdod – Seven levels of excavations (på hebraisk). Israel: Society for the Protection of Nature i Israel, Ashdod branch. s. 91. ULI Sysno. 005093624. 
  3. 3,0 3,1 O.Kolani, B.Raanan, M.Brosh, S.Pipano (1990). Events calendar i Israel and Ashdod (på hebraisk). Israel: Society for the Protection of Nature i Israel, Ashdod branch. s. 79. ULI Sysno. 005093624. 
  4. http://www.moin.gov.il/Subjects/Bchirot/Documents/num-member.pdf
  5. «Local Authorities i Israel 2005, Publication #1295 – Municipality Profiles – Ashdod» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. Arkivert (PDF) frå originalen den 29. mai 2008. Henta April 14, 2008.  (he)
  6. M. Dothan and David Noel Freedman, Ashdod I, The First Season av Excavations 1962, Atiqot, vol. 7, Israel Antiquities Authority, 1967
  7. David Noel Freedman, The Second Season at Ancient Ashdod, The Biblical Archaeologist, vol. 26, no. 4, s. 134–139, 1963
  8. B.Frenkel (1990). The filistrane (på hebraisk). Israel: Society for the Protection of Nature i Israel, Ashdod branch. s. 119. ULI Sysno. 005093624. 
  9. Cogan, Mordechai (1993). «Judah under Assyrian Hegemony: A Reexamination of Imperialism and Religion». Journal of Biblical Literature (The Society of Biblical Literature) 112 (3): 403–414. JSTOR 3267741. doi:10.2307/3267741. 
  10. Price, Massoume (2001). «A brief history of iranske jødar». Iran Chamber Society. Arkivert frå originalen den 30. september 2007. Henta 5. september 2015. 
  11. J. Kaplan (1990). Yamani stronghold in Ashdod-Yam (på hebraisk). Israel: Society for the Protection of Nature i Israel, Ashdod branch. s. 125. ULI Sysno. 005093624. 
  12. Jesaja 20:1
  13. H. Tadmor (1966). «Philistia under Assyrian Rule». The Biblical Archaeologist (The American Schools of Oriental Research) 29 (3): 86–102. JSTOR 3211004. doi:10.2307/3211004. 
  14. Nehemja 13:23-24.
  15. Geschichte Israels. 1898. s. 224. 
  16. Harris JC (2006). «The plague of Ashdod». Arch. Gen. Psychiatry 63 (3): 244–5. PMID 16520427. doi:10.1001/archpsyc.63.3.244. Henta 5. september 2015. 
  17. S.Shapira (1990). slaget ved Ashdod (147fvt.) (på hebraisk). Israel: Society for the Protection of Nature i Israel, Ashdod branch. s. 135. ULI Sysno. 005093624. 
  18. S.Piphano (1990). Ashdod Sea in Byzantic periode (på hebraisk). Israel: Society for the Protection of Nature in Israel, Ashdod branch. s. 143. ULI Sysno. 005093624. 
  19. Khalidi, 1992, s.110.
  20. A. Petersen (2005). The Towns of Palestina under muslim Rule AD 600–1600. BAR International Series 1381. s. 133. 
  21. Hütteroth, Wolf-Dieter and Kamal Abdulfattah (1977), Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. s. 143. Sitert i Khalidi, 1992, s.110.
  22. Conder and Kitchener, SWP II, 1881, s.409. Sitert i Khalidi, 1992, s. 110-111.
  23. Khalidi, 1992, s.111.
  24. New York Times[daud lenkje] June 8, 1948
  25. Yehudah Ṿalakh ... (2003). Battle Sites i Land of Israel (på hebraisk). Israel: Carta. s. 24. ISBN 965-220-494-3. 
  26. Khalidi, 1992, s.112.
  27. «From Isdud to Ashdod: One man's immigrant dream; another's refugee nightmare». International Midtausten media Sentral. April 13, 2006. Arkivert frå originalen den 26. september 2007. Henta 5. september 2015. 
  28. Benny Morris, The Birth of the Palestinian Refugee Problem Revisited, Cambridge Press 2004 s.471
  29. Khalidi, 1992, 112-13.
  30. 30,0 30,1 30,2 R.Yaniv (1990). Ashdod. From repatriants settlement to the City (på hebraisk). Israel: Society for the Protection of Nature i Israel, Ashdod branch. s. 163. ULI Sysno. 005093624. 
  31. R.Yaniv (1990). Head of the Local Council and the city (på hebraisk). Israel: Society for the Protection of Nature in Israel, Ashdod branch. s. 179. ULI Sysno. 005093624. 
  32. «Data of population in the city of Ashdod» (Word) (på hebraisk). The Sentral for Research and Information, Knesset. April 17, 2001. Arkivert frå originalen den 27. september 2007. Henta 5. september 2015. 
  33. «Monthly Average of Daily Maximum and Minimum Temperatur» (PDF). Statistical Abstract of Israel 2006. Israelsk statistisk sentralbyrå. June 2011. Arkivert frå originalen (PDF) 9. juli 2007. Henta 5. september 2015. 
  34. «Precipitation» (PDF). Statistical Abstract of Israel 2006. Israelsk statistisk sentralbyrå. 
  35. Kaplan, Reuven. «Cricket Revolution in Ashdod». Ashdod News. Arkivert frå originalen 13. desember 2007. Henta 13. oktober 2014.  (he)
  36. «Bordeaux - Rayonnement européen et mondial». Mairie de Bordeaux (på fransk). Arkivert frå originalen 7. februar 2013. Henta 5. september 2015. 
  37. «Bordeaux-Atlas français de la coopération décentralisée et des autres actions extérieures». Délégation pour l’Action Extérieure des Collectivités Territoriales (Ministère des Affaires étrangères) (på fransk). Arkivert frå originalen 7. februar 2013. Henta 5. september 2015. 
  38. «Ashdod, jumelée à Bordeaux le 7décembre 1984» (på fransk). Official Bordeaux website. Henta 27. september 2014. 
  39. «Bahía Internacional Ciudades Hermanas» (på spansk). Official Bahia Blanca website. Arkivert frå originalen 2. september 2007. Henta 27. september 2014. 
  40. «Städtepartnerschaften des Bezirks Spandau» (på tysk). Official Spandua website. Arkivert frå originalen 16. november 2007. Henta 27. september 2014. 
  41. «Tampa Sister Cities». Offisiell nettstad for byen Tampa, Florida. Arkivert frå originalen 18. oktober 2007. Henta 27. september 2014. 

Bakgrunnsstoff endre