Opna hovudmenyen

Askar Akajevitsj Akajev (kirgisisk Аскар Акаевич Акаев) (fødd 10. november 1944) er ein kirgisisk politikar som var president for landet frå 1990 til 2005, då han blei avsett i den såkalla Tulipanrevolusjonen. Han var den første presidenten i det sjølvstendige Kirgisistan.

Askar Akajev
Askar Akaev MoscowRia 08-2016.jpg
Fødd 10. november 1944
Kyzylbayrak
Yrke samfunnsøkonom, matematikar, politikar
Askar Akajev på Commons

Akajev blei opphavleg sett på som ein liberal leiar, men viste etter kvart fleire autoritære trekk. Etter nokre år ved makta byrja folk å klaga på offentleg korrupsjon og valfusk.

24. mars 2005 måtte Akajev flykta frå Kirgisistan etter at demonstrantar storma kontora hans i hovudstaden Bisjkek. 4. april sa han offisielt frå seg presidentvervet i ein underskriftsseremoni i Moskva.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.