Askerbanen er ei dobbeltspora jarnbaneline mellom stasjonane Lysaker i Bærum kommune på grensa til Oslo og Asker i Asker kommune.[1]

Askerbanen
Info
Type Jernbane
System Dobbeltspora jernbane
Status Regulær drift
Utgangsstasjon Skøyen stasjon
Endestasjon Asker stasjon
Tal på stasjonar 2
Drift
Opna 2005 (første del)
Eigar Jernbaneverket
Operatør(ar) NSB, Flytoget
Type trafikk Gods og person
Teknisk
Lengde 17,4 km
Lengde dobbeltspor 17,4 km
Høgste fart 160 km/t
Tunnelar 2
Planovergangar 0
Kart over Drammensbanen (svart line) og Askerbanen (raud line, tunnelstrekningane er stipla)
Foto: Jernbaneverket

Askerbanen er konstruert for høg fart og avlastar den gamle dobbeltspora Drammenbanen på denne sterkt trafikkerte strekninga ved å take fjerntrafikken og mykje av godstrafikken, medan Drammenbanen hovudsakleg vert reservert for den lokale trafikken i dette tettfolka området. Askerbanen har berre dei fire stasjonane Asker, Sandvika, Lysaker og Skøyen, som er sams for både Askerbanen og Drammenbanen, medan Drammenbanen har langt fleire haldeplassar på same strekninga.

Det meste av Askerbanen ligg i dobbeltspora tunnel; det er berre forbi Sandvika i Bærum kommune og ei stutt strekning ved Åstad i Asker kommune at bana ligg i dagen.

Det fyrste byggesteget av Askerbanen, parsellen mellom Sandvika stasjon i Bærum kommune og Asker stasjon i Asker kommune, vart opna i 2005. Det andre byggesteget, parsellen mellom Sandvika stasjon og Lysaker stasjon i Bærum kommune, vart opna i 2011.

Framtidig utbygging endre

Det er planlagt å forlenge banen til Skøyen stasjon i Oslo. Det er imidlertid ikkje prioritert og er ikkje med i Nasjonal transportplan 2014-2023. Denne utbygginga har òg samanheng med kva for løysing ein etterkvart vil velje for ein ny dobbeltspora tunnel gjennom Oslo.

Linjekart endre

Teiknforklaring
  Hovudbanen og Gardermobanen frå Lillestrøm
    Gjøvikbanen frå Roa
    Østfoldbanen frå Ski
  -0,27 km Oslo S (1854) overgang til T-bane
  sjå Drammenbanen
  4,38 km Skøyen (1872)   Drammensveien (ca. 300 m)
   Drammenbanen til Lysaker
   Vækerø planlagt prosjekt, start tidlegast 2015
  
  Lysakerelva (36 m) grense OsloAkershus
  7,00 km Lysaker (1872) 7,5 moh.
    Drammenbanen til Sandvika
    Bærumstunnelen (2011, 5 500 m)
    7,95 km hovedsignal 4103
    9,24 km Skallum blokkpost
    10,61 km Ballerud blokkpost
    11,89 km Kokkerud blokkpost
    13,23 km hovudsignal 4301
   
   
  14,14 km Sandvika (1872) 12,0 moh.
  Øverlandselva
  Sandvikselva (tilsammen 153 m)
  Fv618 Johan Grauers gate
    Ringeriksveien (tilsammen 58 m)
  Ringeriksbanen, prosjektert
    Drammenbanen til Asker
    Tanumtunnelen (2005, 2 700 m)
    16,47 km Tanumåsen blokkpost
    17,78 km Lagerud blokkpost
   
    19,09 km Åstaddalen blokkpost
    Skaugumtunnelen (2005, 3 600 m)
    20,59 km Skaugum blokkpost
    22,75 km hovudsignal 4601
   
   
  23,83 km Asker (1872) 104,6 moh.
   
    Spikkestadbanen
  Drammenbanen

Referansar endre

  1. [1][daud lenkje] Opninga av Askerbanen JBV