Askil Holm
Askil Lænd Holm (fødd 1. juni 1980) er ein norsk musikar frå Namsos.
Askil Holm | |
![]() | |
Fødd | 1. juni 1980 (43 år) |
---|---|
Fødestad | Namsos |
Fødenamn | Askil Lænd Holm |
Opphav | Noreg |
Instrument | vokal |
Verka som | songar, musikar, musikkprodusent |
Karriere Endra
Allereie i oppveksten i Namsos var Holm med i fleire band; dei mest kjende av desse er kanskje Attack som han spelte i i 10 år, og Deadweight. I 2001 gav han ut sin fyrste solo-EP; The Boy with the Boomerang, som fekk gode kritikkar. I 2002 var Askil Holm med på by:Larm i Kristiansand, og låta The Boy with the Boomerang vart her kåra til beste by:Larm-låt.
Seinare i 2002 gav han ut debutplata Seven Days in the Sun, og i 2003 kom oppfylgjaren Daydream Receiver ut på Universal Records. Låta Seven Days in the Sun vart brukt som bakgrunnsmusikk i Thomas Giertsen sitt fjernsynsprogram Kvinnen i mitt liv, og låta Daydream Receiver vart inkludert i spelefilmen Agent Cody Banks av Harald Zwart. Holm framførte mange konsertar i 2003, og eitt av høgdepunkta var då han spelte med Kringkastingsorkesteret under innsamlingsaksjonen den hausten.
I 2006 vart Askil Holm kjend saman med Kurt Nilsen, Alejandro Fuentes og Espen Lind som gav ut coverlåtplata Hallelujah - Live. Dei vart særleg kjende for sin versjon av Leonard Cohen-songen Hallelujah; som vart kåra til Årets hit under Spellemannprisen 2006.
Askil Holm sitt neste soloalbum kom ut i 2007 i samarbeid med Martin Hagfors og Kyrre Fritzner, og fekk namnet Harmony Hotel. Plata har seld over 25.000 eksemplar. I 2009 har Holm spelt inn Hallelujah Live 2 saman med Nilsen, Fuentes og Lind, samt gjeve ut eit nytt soloalbum: Rolling the Slow Bus Home. Etter dette har Holm vorte styremedlem i Rikskonsertene, [1], delteke på eit stønadsalbum for jordskjelvofra på Haiti [2], blitt far [3] samt jobba med eit nytt, norskspråkleg album som er venta i 2012.
Diskografi Endra
- 2001: The Boy with the Boomerang (EP)
- 2002: Seven Days in the Sun
- 2003: Daydream Receiver
- 2006: Hallelujah Live - Lind, Nilsen, Fuentes & Holm
- 2007: Harmony Hotel
- 2009: Hallelujah Live - Volume 2 - Lind, Nilsen, Fuentes & Holm
- 2009: Rolling the Slow Bus Home
Kjelder Endra
- Bokmålswikipedia om Askil Holm, henta inn 13. desember 2011.
- Biografi på Askil Holm si heimeside Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine.
Fotnotar Endra
- ↑ Regjeringen.no: Askilm Holm inn i styret for Rikskonsertene
- ↑ Askil Holm si heimeside: utgjevingar, arkivert frå originalen 4. mars 2016, henta 13. desember 2011
- ↑ VG, 06.07.10: Askil Holm ble pappa