Astronomisk navigasjon

Astronomisk navigasjon eller stjernenavigasjon, er ein teknikk der ein nyttar sola, månen, planetane eller dei 57 stjernene som er oppgjevne i ein astronomisk almanakk til å avgjera posisjonen sin på havet, i ørkenen, på Grønlandsisen eller andre stadar utan eigna landemerke til hjelp ved navigasjonen. Den klassiske metoden er då å nytta himmellekamane til å avgjera posisjonen. Sola er den mest nytta medan ein trena navigatør òg kan nytta månen eller andre stjerner.

Oktant (føregangar til sekstanten) og loggbok frå fregatten Grand Turk
Skjematisk framstilling av ein astronomisk observasjon

Med ein sekstant måler ein høgda til himmellekamen over horisonten. Himmellekamane flyttar seg over himmelen gjennom døgnet og over året. Dette vert målt ved astronomiske observatorium som i Greenwich-observatoriet. Dei observerte posisjonane oppgjevast i ein astronomisk eller nautisk almanakk. Med høgdemåling, almanakk og klokke kan ein rekna ut posisjonen. Ein god observasjon (god horisont, god observasjonsplattform) gjev ei grannsemd på +/- ei nautisk mil. I overskya vêr er det ikkje mogleg å ta observasjonar. Eit skip er då avhengig av å føra nøyaktig bestikk over kurs og utsegla distanse. Dette gjev eit estimat for posisjonen til fartøyet. Over tid vil uvissa auka i det ein vanskeleg kan bedømma avdrift grunna vind og havstraumar. Ved ein astronomisk observasjon kan bestikket korrigerast.

På havet finn ein ein god horisont, på land er ikkje dette mogleg. Det er difor utvikla fleire teknikkar for å skaffa ein kunstig horisont; den enklaste i form av eit kar med kvikksølv. Dette fungerer som ein vassrett spegel og vert brukt som referanse for horisonten. Det er òg brukt roterande, gyrostabiliserte speglar, mellom anna i sekstantar i fly.

Navigasjon ved hjelp av stjerner og planetar vert gjort i grålysninga då både himmellekamen og horisonten er synleg.

I dag er det få som brukar denne forma for navigasjon på grunn av elektroniske hjelpemiddel. GPS (Global Positioning System) har så godt som overteke og er mykje meir nøyaktig (+/- 20 meter eller betre, altså om lag 100 gonger meir nøyaktig enn ein sekstantobservasjon). Men alle som vert utdanna som navigatør for skip lærer astronomisk navigasjon. Det føregår òg opplæring i samband med fritidsbåtskippersertifikat, D5LA, mest for langturseglarar som vil bruka astronomisk navigasjon som ein reserve ved lange turar over havet.

Kjelder endre

  • Ditlefsen, Reidar Navigasjon: Terrestrisk og astronomisk navigasjon, 14. utgave av Johnsen og Bryn Lærebok i navigasjon I, Aschehoug (1985) ISBN 82-03-12764-9
  • Kjerstad, Norvald Navigasjon for maritime studier, Tapir akademisk forlag (2010) ISBN 9788251925228
  • Dedekam, Ivar, Astronavigasjon ISBN 8291443122
  • Bowditch, Nathaniel The American Practical Navigator, Paradise Cay Publications (2010) ISBN 0939837544

Bakgrunnsstoff endre