Atlaskgartnar
Atlaskgartnar, Ptilonorhynchus violaceus, er ein fugl i gartnarfamilien, og er endemisk for Aust-Australia. Han er vanleg i regnskog og høg, våt sklerofyllskog i austlege Australia frå det sørlege Queensland til delstaten Victoria. Det finst òg ein isolert bestand i tropisk regnskog i nordre Queensland.
Atlaskgartnar | |
Atlaskgartnarhann | |
Atlaskgartnarhoe | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Gartnarar Ptilonorhynchidae |
Slekt: | Ptilonorhynchus |
Art: | Atlaskgartnar P. violaceus |
Vitskapleg namn | |
Ptilonorhynchus violaceus |
Skildring
endreEldre hannar av atlaskgartnaren har klåre blå auge og er jamt farga svart, men lysdiffraksjon i overflatestrukturen av fjørene gjev ein nesten metallisk glans med ein djup skinande blå utsjånad.[1]
Hoene kan forvekslast med grønkattefugl eller svartørekattefugl med karakteristisk grøn til brun eller annan måte heilt brune overside og lysare underside med ein distinkte skjelforma eller nettmaska mønster, og med svært slåande lillafarga auge.[1]
Umodne hannar er farga og merkt som hoer og blir ofte forveksla med dei.[1]
Atlaskgartnaren utmerkar seg ved å ha heile 14 armsvingfjører.[2] Det mest vanlege blant sporvefuglar er 9 armsvengfjører.
Åtferd
endreSom alle gartnarar viser atlaskgartnaren svært komplekse frieri-åtferd. Partnarval blant atlaskgartnar har vorte studert i detalj av ei gruppe forskarar ved University of Maryland. Hannar byggjer spesialiserte trepinnestrukturar, kalla hytter, som dei pyntar med blå, gule og skinande gjenstandar om desse er tilgjengelege, blant anna bær, blomar og til og med kulepennar, sugerøyrer og andre kasserte plastgjenstandar. Som hannane mognast vil dei bruke fleire blå objekt enn av andre farger. Hoene vitjar desse og vel kva for hannfuglar dei vil tillate å pare seg med. I tillegg til å byggje hytte, utfører hannar intense åtferdsmessige oppvisingar for å kurtisere hoer, men desse kan bli oppfatta som trugsmål av hoene. Hoene byggjer reiret og rugar åleine. Nyare forsking har vist at hoene vel ut partnaren i tre fasar:
- Vitjing til hytte, før reiret har vorte bygd, medan hannane er fråverande
- Vitjing til hytte, før reiret har vorte bygd, medan hannane er til stades og gjer oppvisingar
- Vitjing til eit utval av hytter, etter reir har vorte bygd, som fører til paring, vanlegvis med ein einskild hann.
Eksperimentelle manipulasjonar av pynt rundt hyttene har vist at unge hoer, dei i sitt første eller andre hekkeår, hovudsakleg er påverka av utsjånaden på hytta, og dermed av den første fasen av denne prosessen. Eldre hoer, som er mindre påverka av det trugande aspektet av oppvisingar frå hannane, gjer vala sine meir på basis av den dansande oppvisinga frå hannfuglane.
Ein sjeldan naturleg hybrid mellom atlaskgartnar og regentgartnar er kjent som Rawnsley's Bowerbird i Australia.
Kjelder
endre- Denne artikkelen byggjer på «Satin Bowerbird» frå Wikipedia på engelsk, den 5. januar 2012
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 Schodde, Dr R & Tidemann, Dr S. (Editors), The Reader's Digest Complete Book of Australian Birds, 2nd Edition, Revised 1988, Reader's Digest (Australia) Pty Ltd, Ultimo, NSW, Australia, p. 589, ISBN 978 0 949819 99 4
- ↑ Clench, Mary Heimerdinger; Oliver, L. A. Jr.; Gill, F. «Passeriform». Encyclopædia Britannica Online. Henta 6. januar 2012.
Bakgrunnsstoff
endre- Videoar, bilete og lydopptak av atlaskgartnar hos Internet Bird Collection