Aubusson er ein liten by og kommune sentralt i Frankrike ved elva Creuse. Han er sous-préfecture i departementet Creuse og har rundt 5 000 innbyggjarar.

Aubusson
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Nouvelle-Aquitaine
Creuse
Geografi
Flatevidd 19,21 km²
Flatevidd
 - By

19,21 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

4 662
  243/km²
Koordinatar 45°57′N 02°10′E / 45.950°N 2.167°E / 45.950; 2.167
Høgd over havet 512 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Postnummer 23200

Veggteppe endre

Byen er godt kjend for sine vegg- og golvteppe, som har vore verdskjend sidan 1300-talet. Vevarar frå Flandern søkte tilflukt i Aubusson rundt 1580. Ei vidkjend samling av veggteppe frå Aubusson finst i Vallon-Pont-d'Arc. Stilen på veggteppa endra seg gjennom hundreåra, frå bilete av grøne landskap til jaktscenar. På 1600-talet fekk veggteppeveveria i Aubusson og Felletin status som ei «kongeleg utnemning». Produksjonen gjekk nedover etter den franske revolusjonentapeten kom. Veggteppa tok seg derimot opp att på 1930-talet då kunstnarar som Cocteau, Dufy, Dali, Braque, Calder og Picasso vart invitert til Aubusson for å uttrykke seg sjølv ved hjelp av ull. Det vert framleis laga veggteppe i Aubusson.