Audun Herning

norsk politikar

Audun Herning (fødd 1. februar 1981) er ein norsk politikar frå SV. Han var valkampsekretær i SV fram til kommunevalet 2007. Frå 2004 til 2006 var han leiar i Sosialistisk Ungdom, der han hadde vore sentralstyremedlem frå 2000.

Audun Herning

Fødd1. februar 1981 (43 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSosialistisk Venstreparti
Yrkepolitikar
Alle verv
  • vararepresentant til Stortinget (2017–2021) Sjå dette på Wikidata

Herning var politisk rådgjevar i Kunnskapsdepartementet frå 22. oktober 2007 til 20. april 2009 i Regjeringa Stoltenberg II.[1]

I mai 2017 vart han ny partisekretær i SV.[2]

Han kjem frå Nesodden, meistrar spansk og har særleg engasjert seg i Latin-Amerika.

Kjelder endre

  1. «Jens Stoltenbergs andre regjering». Regjeringa.no. Henta 13. juli 2017. 
  2. Sofie Prestegård (18. mars 2017). «Audun Herning valgt til ny partisekretær i SV». Dagsavisen. Henta 13. juli 2017.