Audun Lysbakken

norsk politikar

Audun Bjørlo Lysbakken (fødd 30. september 1977) er ein norsk politikar frå Bergen. Han representerer Sosialistisk Venstreparti, og var partileiar for dette partiet frå 2012 til 2023.

Audun Lysbakken

Fødd30. september 1977 (46 år)
Bergen
Statsborgar avNoreg
PartiSosialistisk Venstreparti
Yrkepolitikar
Utdanna vedBergen Handelsgymnasium
MorGeirdis Bjørlo
Alle verv

Biografi

endre

Audun Lysbakken er fødd og oppvaksen i Bergen. Far hans er skodespelaren Sigurd Lysbakken, og mor hans er forfattar Geirdis Bjørlo. Av utdanning har han allmennfag frå Bergens Handelsgymnasium (1993–1996) og grunnfag i fransk og samanliknande politikk frå Universitetet i Bergen (1996–1998). Han sat i bystyret i Bergen frå 1999 til 2000, og var nestleiar i Sosialistisk Ungdom i frå 2000 til 2002. Han har arbeidd som kontorsekretær hjå Norsk Økologisk Landbrukslag (1999–2000) og journalist i Klassekampen (2000–2001).

I 2001 vart han vald som stortingsrepresentant for Hordaland fylke, og han sat fire år i Stortinget sin finanskomité. I denne perioden var han også medlem av Stortinget sin delegasjon til den parlamentariske forsamlinga i OSSE. Han var i perioden 2005–2009 fyrste vara til Stortinget. I 2009 var han 1. kandidat for SV i Hordaland. Som innvald stortingsrepresentant vart han først i oktober same året vald til parlamentarisk leiar for SV si stortingsgruppe, eit verv han hadde berre i eit par veker.

Audun Lysbakken var frå 20. oktober 2009 statsråd i Barne- og likestillingsdepartementet, som frå 1. januar 2010 vart Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, i Regjeringa Stoltenberg II. Han trekte seg frå denne stillinga 5. mars 2012.[1] Kristin Halvorsen tok mellombels over stillinga hans.[2]

Frå 2006 til 2012 var Lysbakken nestleiar i SV. Deretter var han frå 10. mars 2012 til 18. mars 2023 partileiar for partiet.[3][4][5]

Kjelder

endre
Referansar
  1. Dagbladet, 05.03.12: Audun Lysbakken trekker seg som statsråd.
  2. Dagbladet, 05.03.12: Kristin Halvorsen tar over midlertidig etter Lysbakken.
  3. BT, 10.03.12: -Lettet, rørt, ydmyk og stolt, arkivert frå originalen 5. mars 2016, henta 10. mars 2012 
  4. Milana Knežević. «Marian Hussein gikk av med seieren – blir SVs nye nestleder» (på norsk bokmål). NRK. Henta 18. mars 2023. 
  5. Milana Knežević; Ida Kristin Rønning; Lisbeth Skei; Amanda Iversen Orlich & Håkon Benjaminsen. «Lysbakkens kone fikk stående applaus: – Det er Siv dere har lånt meg fra» (på norsk bokmål). NRK. Henta 18. mars 2023. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Audun Lysbakken