Audun Sjøstrand
Audun Sjøstrand (fødd 11. april 1950 på Radøy)[1][2] er ein norsk kriminalforfattar og lektor. Han debuterte i 1985 med kriminalromanen Hundemordet og fylgde opp med Ureint trav i 1987 og Valsekongens fall i 1991.[3]
Audun Sjøstrand | |
Nasjonalitet | Norsk |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 11. april 1950 (74 år) Radøy |
Yrke | Lektor |
Periode | 1985-1991 |
Sjanger | Kriminallitteratur |
Debut | Hundemordet |
Hovudpersonane i bøkene er lensmannen Peder Moe og lensmannsbetjenten Jørgen Asbjørnsen.[1] I debutboka, som var den fyrste reine kriminalboka som kom i skuleutgåve[3], etterforskar dei narkotikasmugling i Øygarden.
Han har arbeidd som lektor i den vidaregåande skulen og skrive i Gula Tidend. Han er bokmeldar i Bergens Tidende.
For Hundemordet fekk Sjøstrand Melsom-prisen i 1986, og for Valsekongens fall fekk han Rivertonprisen i 1991.[3]
Bøker
endre- 1985 – Hundemordet – kriminalroman
- 1987 – Ureint trav – kriminalroman
- 1991 – Valskekongens fall – kriminalroman
Litterære prisar
endre- 1986 – Melsom-prisen
- 1991 – Rivertonprisen
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 Ragnar Hovland (1993). «Audun Sjøstrand: Valsekongens fall 1991». I Olav Hr. Rue. Bøker 1868-1992 : ein forlagsbibliografi. Oslo: Det Norske Samlaget. s. 195. ISBN 8252140254.
- ↑ Aftenposten Aften 11. april 1991, «Dagen din» s.9
- ↑ 3,0 3,1 3,2 Øystein Rottem (1998). «'Kriminelle' hjemstavnsdiktere - Idar Lind og Audun Sjøstrand». Norges litteraturhistorie : etterkrigslitteraturen : Vår egen tid 1980-1998 3. Oslo: Cappelen. s. 679. ISBN 82-02-16426-5.
Bakgrunnsstoff
endre- Valsekongens fall i digitalisert utgåve i bokhylla.no (Nasjonalbiblioteket)