Isidore Auguste Marie François Xavier Comte (19. januar 17985. september 1857) var ein fransk filosof. Han skapte positivismen og vert rekna som ein av grunnleggjarane av moderne sosiologi.

Auguste Comte

Comte studerte ved den polytekniske skulen i Paris, der han fanga interesse for naturvitskap og av radikale politiske idear. Påverka av filosofen Henri Saint-Simon, som han vart personleg kjend med, fekk han interesse for historie og samfunnsstudiar. Gjennom hovudverket, det seks band store Cours de philosophie positive som kom ut 1830–42, teiknar Comte den historiske utviklinga frå eit opphavleg teologisk stadium, der fenomen vert forklart ved inngrep av «gudar» eller «ånder», vidare til eit metafysisk stadium, der årsakene er «idear» eller «krefter», til det positive eller vitskaplege stadium, basert på nøyaktige observasjonar.

Kjelder endre