Ein aulakogen eller aulacogen er ein arm av eit trippelpunkt i eit platetektonisk riftsystem som har søkkt saman. Eit trippelpunkt under ei kontinentalplate fører til at kontinentalplata vert delt opp i tre delar. Etter kvart som oppdelinga utviklar seg sviktar vanlegvis ein av dei tre spreiingsryggane eller stoppar å spreie seg. Rifta eller grøfta som oppstår vert kalla ein aulakogen og vert ein fylt graben på kontinentet.

Ordet kjem frå greske aulax (fure) og vart namngjeven av den sovjetiske geologen Nikolas Sjatski i 1946.[1]

Jordskorpa i aulakogen-område er svekka på grunn av tidlegare riftskapande aktivitet og seismisk, og stundom vulkansk, aktivitet oppstår der frå tid til annan. Sidan aulakogenar er svekka område kan dei under visse tilhøve verte aktive igjen og verte aktive riftdalar. Dette skjedde med Ottawa-Bonnechere Graben i Ontario og Quebec i Canada, ein gammal aulakogen som vart reaktivert då Pangea delte seg.

Mississippibukta og den tilknytte New Madrid seismiske sone er eit døme på ein gammal aulakogen som går tilbake til då det gamle kontinentet Rodinia delte seg. Denne gamle riftdalen var åstad for eit særs kraftig jordskjelv tidleg på 1800-talet i det som i dag er sentrale område av USA. I randområde utanfor Portugal ligg ein annan aulakogen, som utvikla seg samstundes med aulakogenen i Grand Banks-området i Canada.

Kjelder endre