Aure kyrkje

soknekyrkje i Aure

Aure kyrkje, som står i Aure sentrum i Aure kommuneNordmøre i Møre og Romsdal fylke, er soknekyrkje i Aure sokn.

Aure kyrkje
kyrkje
Foto: Halvard Hatlen
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Møre
Prosti Ytre Nordmøre
Sokn Aure
Fellesråd Aure
Type krosskyrkje
Arkitekt Nils Ryjord
Material tre
Innvigd 24. oktober 1924
Døypefont Frå 1720
Altartavle Frå 1730/1793, av Peder Knutsen Kjørsvik/Lars Halvorsen Dreier
Sitjeplassar 800
Kart
Aure kyrkje
63°15′57″N 8°31′42″E / 63.2658°N 8.5282°E / 63.2658; 8.5282
Wikimedia Commons: Aure kirke

Staden der ho står har vore kyrkjestad sidan 900-talet.[treng kjelde] For å skaffa pengar i statskassa selde danskekongen den gamle stavkyrkja, Sankta Maria-kyrkja frå mellomalderen, til rådmann Lorents Holst i Trondheim i 1726. Holst reiv kyrkja og bygde ei ny krosskyrkje, lafta av tømmer frå Aurdalen. Nykyrkja vart teken i bruk i 1727. I 1923 brann denne kyrkja opp etter eit lynnedslag. Somt inventar vart berga, mellom anna eit altarskåp frå kring 1460. Det er eit Maria-skåp laga i Flanderen.[1]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

Fotnotar endre

  1. Redaktør: Alf Henry Rasmussen – Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7 - «Aure kirke», s. 283