Ausevika
Ausevika, eller Ausevik, som er det vanlege namnet i arkeologisk litteratur, er eit helleristingsfelt i Flora kommune i Sogn og Fjordane. Feltet er eit av Noregs største.
Ausevikafeltet er i overkant av 1.500 m² stort og har over 300 registrerte figurar. Truleg finst det òg fleire figurar som i dag er dekte av mose. Motiva omhandlar alt frå dyr og menneske til abstrakte figurar, men det er motiv av hjort som er representert flest gonger. Det er tydeleg at hjorten hadde ein viktig plass i jaktkulturen her for om lag 4.000 år sidan.
Bakgrunnsstoff Endra
- Fylkesleksikonet om Ausevika
- Ausevika i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
Litteratur Endra
Mandt, Gro & Trond Lødøen. 2005. Bergkunst : Helleristningar i Noreg. Oslo: Det Norske Samlaget. ISBN 978-82-521-6227-1