Den prøyssiske provinsen Aust-Preussen var i perioden 1871 til 1945 den nordaustlegaste provinsen i Tyskland. Hovudstaden var Königsberg, no Kaliningrad.

Kart over Aust-Preussen

Området vart erobra av dei tyske ordensriddarane på 1200-talet, og etter reformasjonen vart det omdanna til hertugdømet Preussen. Det vart (i lag med Brandenburg) del av kongedømet Preussen frå 1701, Før den tyske ekspansjonen i mellomalderen tilhøyrte området det baltiske folkeslaget prøyssarane, som snakka det no utdøydde baltiske språket gammalprøyssisk.

Etter andre verdskrigen vart området delt mellom Polen og Sovjetunionen. Etter Sovjetunionen sitt samanbrot i 1991 vart den sovjetiske delen delt mellom Litauen og Russland. Den russiske delen utgjer no enklaven Kaliningrad.

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.