Austkysten av USA eller Austkysten (engelsk East Coast) er kystlinja der den austlege delen av USA møter Atlanterhavet. 14 av delstatar i USA har kystlinje mot Atlanterhavet. Frå nord til sør gjeld dette Maine, New Hampshire, Massachusetts, Rhode Island, Connecticut, New York, New Jersey, Delaware, Maryland, Virginia, Nord-Carolina, Sør-Carolina, Georgia og Florida.[1] I tillegg ligg Pennsylvania langs Delaware-estuaret. Connecticut har heller inga direkte kystlinje med Atlanterhavet, sidan han ligg langs sundet Long Island Sound.[2]

Delstatane langs austkysten av USA.

Fleire øyar og halvøyar ligg langs austkysten av USA. I delstaten Massachusetts ligg halvøya Cape Cod. Lenger sør ligg øya Long Island i New York. Mellom Long Island og delstatane Connecticut og Rhode Island ligg sunda Long Island Sound og Block Island Sound. Mellom delstatane Delaware og New Jersey ligg den store bukta Delawarebukta. Den større Chesapeakebukta ligg mellom Virginia og Maryland. Mellom desse to buktene ligg Delmarvahalvøya. Heilt søraust i USA, mellom Atlanterhavet og Mexicogolfen, ligg Floridahalvøya som utgjer størsteparten av delstaten Florida.

Austkysten er det folkerikaste kystområdet i USA.[3] I 2010 hadde statane med kystlinje mot aust eit samla estimert folketal på 112,642,503 (36 % av heile folketalet i landet). New York er både den største byen i USA og det største storbyområdet langs Austkysten.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. General Reference Map Arkivert October 17, 2012, ved Wayback Machine., National Atlas of the United States, 2003.
  2. Caitlin Dempsey. «How Many States Are Along the East and West Coasts?». Geolounge. Henta 24. mars 2019. 
  3. 2010 Census: Resident Population Data Arkivert 19. oktober 2013 ved Wayback Machine.