Opna hovudmenyen

Austleg kristendom eller Austkyrkja viser til kristne tradisjonar knytt til Austromarriket og ulike nærskylde område. Omgrepet viser særleg til ortodoks kristendom, som omfattar den austlege ortodokse kyrkja og fleire orientalske ortodokse kyrkjer, i tillegg til den assyriske kyrkja og orientalske katolske kyrkjer. Det blir brukt som motsats til vestleg kristendom eller Vestkyrkja som utvikla seg frå Vestromarriket. Den austlege kristendommen har særleg utvikla seg i Aust-Europa, Balkan, Hellas, Vesle-Asia, Midtausten og delar av Afrika, India og Aust-Asia. Dei ulike austlege kyrkjene har ulike teologiar, men har mange kulturelle og tradisjonelle fellestrekk.

KjelderEndra

  Denne kristendomsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.