Austromarxisme er ei nemning som er blitt bruka om den teoretisk grunngitte venstresosialismen som blei utvikla innanfor det austerrikske sosialdemokratiet i førstninga av førre hundreåret. Dei viktigaste personlegdomane i austromarxismen var Otto Bauer, Rudolf Hilferding og Max Adler.

Austromarxistane prøvde å utvikle eit tredje standpunkt i striden om revisjonismen i det tyske sosialdemokratiet og den Andre Internasjonalen. Dei tok avstand frå Eduard Bernstein fordi dei meinte han reviderte for mykje, men var heller ikkje samde i Karl Kautsky sin ortodoksi. Posisjonen deira var ikkje ulik Rosa Luxemburg sin i denne striden. Under første verdskrigen prøvde dei igjen å stå for eit tredje standpunkt, annleis enn både dei sjåvinistiske sosialdemokratane og Vladimir Lenin si linje om å gjere om krigen til borgarkrig. Desse forsøka på ein eigen venstresosialistisk kurs kom først på 1920-talet til uttrykk i danninga av ein eigen Internasjonale in spe, uformelt kalla Wienerinternasjonalen eller meir spydig to-og-ein-halv-internasjonalen. I 1923 gjekk partia og gruppene her inn att i den nydanna Andre Internasjonalen, som no heitte Sozialistische Arbeiter-Internationale (SAI).

Austromarxistane utvikla marxistisk teori på område som tilhøvet mellom basis og overbygning, marxistisk filosofi, nasjonalitetsspørsmålet og imperialismen. Etter første verdskrigen var det Otto Bauer som kom til å spele den største rolla i det austerrikske sosialdemokratiske partiet. Han stod for ein strategi som kanskje kan kallast «revolusjonær reformisme», der ein vil prøve å gjennomføre ei sosialistisk omforming av samfunnet på grunnlag av dei eksisterande demokratiske ordningane, men også vere villig til å forsvare demokratiet og arbeidarrørsla med våpen i hand om nødvendig.

Den austerrikske arbeidarrørsla måtte gjere nettopp det, men tapte mot dei fascistinspirerte borgarlege kreftene som innførte diktaturet etter oppstanden i Wien i 1934.

Det er blitt hevda at den reformerte «eurokommunismen» som utvikla seg i ein del europeiske kommunistparti1960-talet og 1970-talet har likskapspunkt med austromarxismen. Det same kan vel seiast om moderne skandinavisk venstresosialisme i danske Socialistisk Folkeparti og norske Sosialistisk Venstreparti. Såleis kan austromarxismen sjåast som eit av dei første forsøka på å utforme eit tredje standpunkt annleis enn både «høgresosialdemokrati» og bolsjevisme.