Avleiing
Avleiing er i lingvistikken omgrept for ein morfologisk prosess som dannar nye leksem av allereie eksisterande leksem. Leksema fiskar, fiske og fiskeri (som i ein fiskar, industrielt fiske og fiskeri som næring) er til dømes avleiingar av verbet å fiske. Sjå òg bøying.