Avranches
Avranches | |
---|---|
Domkyrkja i Avranches | |
Styresmakter | |
Land Region Departement |
Frankrike Normandie Manche |
Geografi | |
Flatevidd - By |
4,5 km² |
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
8 500 1 888/km² |
Koordinatar | Koordinatar: |
Høgd over havet | 108 m |
Tidssone | CET (UTC+1) |
Diverse anna | |
Postnummer | 50300 |
Heimeside: www.ville-avranches.fr |
Avranches er ein by og kommune nordvest i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Manche i regionen Normandie og har om lag 9 000 innbyggjarar.
HistorieEndra
I 1172 (27.-28. september) vart det halde eit råd i Avranches etter mordet på den anglonormanniske helgenen Thomas Becket i den engelske kyrkja. Etter at Henrik II, Konge av England, hadde gjort botsøving i Avranches 21. mai 1172 vart han friteke frå kritikken som oppstod etter snikmordet på den heilage prelaten, og ein kom fram til kompromisset i Avranches med den romersk-katolske kyrkja, der Henrik II måtte sverge truskap til Pave Alexander III.
GeografiEndra
Avranches ligg sør på halvøya Cotentin, langs E40 som knyter Saint-Lô med Bretagne. Frå Avranches er det mogeleg å sjå Mont Saint-Michel, som vart grunnlagd av St. Aubert, biskopen av Avranches på 700-talet.