Axis i ryggsøyla

den andre av til saman sju knoklar i halsvirvelsøyla; knokkelen er prega av eit kraftig beinframspring, tappen, som ringvirvelen dreier omkring

Axis, tappvirvelen og tidlegare epistropheus (C2, andre halsvirvel) er den andre halsvirvelen i ryggsøyla.[1] Ordet kjem frå latin axis som tydar «akse».

Posisjonen til axis er vist i raudt

Den formar ein dreietapp som den fyrste halsvirvelen (atlas) kan rotera på.[1]

Det mest karakteristiske trekket ved knokkelen er det sterke utskotet (processus), dens axis, som oppstår perpendikulært frå den øvre overflata av kroppen. I nokre juridiske hengingar kan dens axis brekke og punktere den forlenga ryggmargen (medulla oblongata) og føre til død.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Holck, Per (13. februar 2009). «axis». Store Medisinske Leksikon. Store Medisinske Leksikon. Henta 14. desember 2014. 
  Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.