Båven er ein innsjø sentralt i Södermanland i Sverige. Innsjøen er den største i landskapet, etter Mälaren og Hjälmaren, og den største som ligg heilt innanfor grensene til landskapet. Båven ligg i kommunane Flen, Gnesta og Nyköping. Innsjøen har eit overflateareal på er 68 km², og han ligg 21 meter over havet. Båven vert drenert av Husbyån, som går til Långhalsen, som i turen sin vert drenert av Nyköpingsån.

Båven
innsjø
Bilete av Båven tatt frå Hornet.
Land  Sverige
Kart
Båven
59°01′00″N 16°56′15″E / 59.01666667°N 16.9375°E / 59.01666667; 16.9375
Wikimedia Commons: Båven
Båven sett frå nord i 2021.

Innsjøen er karakterisert av mange forgreiningar og mange øyar. Strandlinja er om lag 500 km lang, og innsjøen er cirka 10 meter djup i snitt. På det djupaste er innsjøen 50 meter. Innsjøen har forholdsvis reint vatn og eit rikt fugleliv med mange verna område for fuglar. Malle er ein sjeldan fisk som lever i innsjøen.

Det einaste samfunnet som ligg direkte ved innsjøen er Sparreholm. Rundt Båven er det slott og herregardar, blant dei Sparreholms slott, Vibyholms slott, Rockelsta og Skedevi.

Inbåven er ei nord-nordaustleg vik, som har samband med resten av Båven gjennom Bocksfjärden og Jälundsund. Namnet Inbåven er òg i bruk eit stykke nedanfor Jälundsund. Inbåven munnar ut mellom Hornet og Klubben. Hornet er den ytste spissen på Hyltingeö (sjå under) og ligg i Gryt sokn. Klubben er ei tidlegare øy, som for tida gjennom igjengroing har vorte forbunde med fastlandet ved Ullabergs herrgard i Björnlunda sokn. Herregarden Boxtorp ligg ved Inbåvens nordlege breitt. ca. tre kilometer nordaust for Inbåven ligg Stjärnhov.

Hyltingeö er ei stor halvøy i Båven som har samband med fastlandet vigd eit ne sine og ein bru. Halvøya er delt mellom soknane Gryt og Hyltinge sokn. I 2004 kjøpte Göran Persson og Anitra Steen eigedomen Övre Torp på Hyltingeö i Hyltinge sokn. Dette har gjeve Persson tilnamnet «Påven vid Båven» (Paven av Båven).

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Båven

59°1′0″N 16°56′31″E / 59.01667°N 16.94194°E / 59.01667; 16.94194