Bækkelagets Sportsklub er eit idrettslag heimehøyrande i Oslo. Klubben vart skipa i 1909 og omfattar seks særgrupper eller -avdelingar; fotball, friidrett, handball, innebandy, orientering, samt skiidrett og skiskyting.

Klubbfargane i lagidrettar er gul trøye og blå bukse.

Bækkelagets Sportsklub har sidan 1972 arrangert fotballturneringa Norway Cup for barn og unge.