Béla Bartók

Béla Bartók (25. mars 188126. september 1945), fullstendig ungarsk namn Bartók Béla Viktor János, var ein ungarsk komponist og pianist. Han var ein leiande komponist på 1900-talet, og er saman med Liszt rekna som Ungarns største komponistar. Bartók høyrer til modernismen, men samla og fann inspirasjon i folkemusikk, og er rekna som ein av grunnleggjarane av etnomusikologi.

Béla Bartók
Bartók Béla 1927.jpg
Fødd25. mars 1881
FødestadSânnicolau Mare
Død26. september 1945 (64 år)
DødsstadNew York by
OpphavUngarn, USA
Sjangeropera, klassisk musikk
Instrumentpiano
Verka somkomponist, pianist, koreograf, lærar, pedagog, musikkforskar, musikkpedagog, etnomusikolog, universitetslærar, collector of folk music, entomolog, musikar
MorPaula Voit
FarBéla Bartók
Gift medDitta Pásztory-Bartók
BornPéter Bartók, Béla Bartók
PrisarKossuthprisen, Grammy Trustees Award, Ridder av Æreslegionen
Rumenske folkedansar nummer 2, 5 og 6, framført av Advent Chamber Orchestra.
Kvartett nr. 2 op. 17, andre sats. Framført av The Carmel Quartet.

Liv og virkeEndra

Béla Bartók var fødd i Nagyszentmiklós i Banatregionen i kongedømet Ungarn som var del av Austerrike-Ungarn, no Sânnicolau Mare i Romania. Faren stamma frå lågare ungarsk adel, mora var ungarar med tysk morsmål. Béla viste tidleg musikalsk talent, og fekk pianoundervisning av mora.

Faren døydde då han var fem, og familien flytta først til Nagyszőlős (no Vynohradiv i Ukraina) og deretter Pozsony (no Bratislava i Slovakia). Det var her Béla Bartók heldt sin første konsert, elleve år gammal. Konserten, som mellom anna inneheldt eigenkomponerte stykke, fekk ei varm kritisk mottaking, og László Erkel tok imot Bartók som elev.

I 1900 byrja Bartók å studere ved musikkonservatoriet i Budapest, og etter 8 år vart han professor der. Han gifta seg med ein av elevane sine, og paret fekk ein son. Han skilde seg frå kona Marta i 1923, nokre år etter den første store suksessen sin, operaen Riddar Blåskjegg.

Bartok var svært interessert i folkemusikk og han vigde ein stor del av livet sitt til å studere den ungarske og rumenske musikktradisjonen. Han samla og gav ut om lag 2000 folkemelodiar. Bartok sin eigen musikk hadde òg sterk innverknad frå harmonikk og særskilde rytmar i folkemusikken.

I 1940 utvandra han til USA frå Ungarn, og slo seg ned i New York. I løpet av tida i Amerika, trass i dårleg helse og økonomi, skreiv Bartók det mest vidkjende verket sitt Konsert for orkester.

VerkEndra

Sceniske verkEndra

  • 1911: Ridder Blåskjeggs borg. Opera i ei akt, urframført 1918
  • 1914–1916: Treprinsen. Ballett, urframført 1917
  • 1918–1919: Den mirakuløse mandarin. Ballett, urfamført 1926

OrkesterverkEndra

  • 1905: 2 suitar
  • 1923: Dansesuite
  • 1936: Musikk for strengeinstrument, slagverk og celesta
  • 1939: Divertimento for strykeorkester
  • 1943: Konsert for orkester

KonsertarEndra

  • 1905: Rapsodi for klaver og orkester
  • 1907–1908: Fiolinkonsert, urframført 1958
  • 1926: 1. klaverkonsert
  • 1928–1929: 1. rapsodi for fiolin og orkester
  • 1930—1931: 2. klaverkonsert
  • 1935: 2. rapsodi for fiolin og orkester
  • 1937–1938: Fiolinkonsert
  • 1945: 3. klaverkonsert
  • 1945: Bratsjkonsert

KammermusikkEndra

  • 1908: 1. strykekvartett
  • 1917: 2. strykekvartett
  • 1921: 1. sonate for fiolin og klaver
  • 1922: 2. sonate for fiolin og klaver
  • 1927: 3. strykekvartett
  • 1928: 4. strykekvartett
  • 1928: 2 rapsodiar for fiolin og klaver
  • 1931: 44 duettar for to fiolinar
  • 1934: 5. strykekvartett
  • 1937: Sonate for 2 klaver og slagverk
  • 1938: Contrasts for fiolin, klarinett og klaver
  • 1939: 6. strykekvartett
  • 1944: Sonate for fiolin solo

KlaververkEndra

  • 1908: 14 Bagateller
  • 1908: Für Kinder. 85 stykke etter ungarske og slovakiske songar
  • 1911: Allegro barbaro
  • 1913: 18 lette stykke
  • 1915: 6 rumenske folkedansar
  • 1915: Sonatine
  • 1926: 9 små klaverstykke
  • 1926: Im Freien (Szabadban)
  • 1926: Sonate
  • 1926–1937: Mikrokosmos. 153 stykke

VokalverkEndra

  • 1912: Fire gamle ungarske folkesongar for blanda kor
  • 1930: Cantata profana for dobbelkor, soli og orkester
  • 1935: Frå gamle dagar for trestemt blanda kor

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Béla Bartók
  Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: Béla Bartók
  Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.