Leinøya

(Omdirigert frå Bølandet)

Leinøya er ei øy i Herøy kommune i Møre og Romsdal. Det opphavlege namnet frå gammalt av er Bølandet, men Leinøy vert nytta i daglegtale.

Leinøya
Geografi
Stad Sunnmøre
Koordinatar 62°20′53″N 05°42′40″E / 62.34806°N 5.71111°E / 62.34806; 5.71111

Areal 14,4 km²

Høgaste punkt Leinehornet (365 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Største busetnad Leinstrand (612 innb.)

Demografi
Folketal 1548 (2024)
Folketettleik 108 /km²

Det høgaste punktet på øya er Leinehornet på 365 meter over havet. Øya har eit areal på 14,4 km². Innbyggjartalet var 1548 per 01.01.2024.

Leinøya er knytt med bruer til Bergsøya, Remøya og Nautøya.

Torvika på austsida av øya er fast stoppestad for hurtigruta.

Folketalsutvikling:

1801[1] 1900[2] 2000[3] 2024[3]
217 596 1416 1548
  1. Folketeljing 1801 for Herøy prestegjeld, frå Digitalarkivet
  2. Folketeljing 1900 for Herøy herred, frå Digitalarkivet
  3. 3,0 3,1 Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå