Bøndenes Hus AS er eigedoms- og morselskapet for forretningsdrifta til Bondeungdomslaget i Oslo (BUL).

Etter §3 i vedtektene skal selskapet: ".. tryggja økonomien og fremja føremålet til Bondeungdomslaget i Oslo, i drifta av sin eigedom eller lokale til rimeleg leie, og gjennom eige av annan fast eigedom eller partar, aksjar o.l. å verna om laget sine interesser."

BUL eig selskapet fullt ut og generalforsamling i selskapet er eit årsmøte i laget. Selskapet eig bygarden Rosenkrantz' gate 8 og driv forretningar gjennom dei tre driftsselskapa LL Lagsbruka til BUL i Oslo, Heimen LL Husflitsutsal og aksjemajoriteten i Den norske Husfliden AS (91%). Selskapet har kontor saman med Bondeungdomslaget i Oslo (BUL) i Rosenkrantz’ gt. 8. Gardselskapet Rosenkrantz’ gt. 8 AS blei skipa i 1911 og blei fusjonert inn i Bøndenes Hus AS i 1998.

LL Lagsbruka til BUL i Oslo driv Hotell Bondeheimen og Kaffistova i Rosenkrantz' gt 8. Dette er verksemd som har vore drive i denne garden sidan han stod ferdig i 1913. Hotellet har no om lag 135 rom, høgt belegg og blei i 2010 er høgt rangert i ei internasjonale kåring over gode hotellopplevingar.

Heimen LL Husflitsutsal kom i Bondeungdomslaget sitt eige i 1923, og driv både med produksjon av bunader og butikk med sal av husflid.

Bøndenes Hus AS tok over 91 prosent av aksjane i Den norske Husfliden AS seint i 2007. Den norske Husfliden driv no butikken i kjellaretasjen i Glassmagasinet.

KjelderEndra