Bønnemøte er ei samling av lekfolk som har som føremål å be saman. Slike møte blir vanlegvis haldne til andre tider enn vanlege gudstenester. Dei kan haldast i heimar, større samlingsstader, det offentlege rommet eller den vanlege møtestaden for trussamfunnet, og kan arrangerast av leiarar i trussamfunnet eller vanlege medlemmer. Bønnemøte er ofte knytte til eitt enkelt trussamfunn, men kan også innebera at ulike trusretningar ber saman.[1]

Bønnemøte halde utandørs i Birmingham.
Bønnemøte i Pyongyang tidleg på 1900-talet.

Bønn er naturleg nok det viktigaste elementet i bønnemøte. I tillegg kan dei innehalda element frå andre religiøse samlingsformer, til dømes andakt, lovsong eller nattverd.[2] Bønnemøta og kan ha ulike emne, frå det personlege og lokale til heile trussamfunnet og det globale. Eit døme på eit globalt emne er til dømes å be for fred.[3]

Kjelder endre

  1. Richard Oestermann (10.06.2014), «Multireligiøst bønnemøte i Vatikanet», Norge idag (idag.no), arkivert frå originalen 5. april 2015, henta 13. mars 2016 
  2. Bønnemøte, metodistkirken.no, henta 13. mars 2016 ; Bønnemøte, filadelfia.no, arkivert frå originalen 15. august 2015, henta 13. mars 2016 ; Bønnemøte, sognemisjonskirke.no, arkivert frå originalen 22. mars 2016, henta 13. mars 2016 ; Bønnemøte før gudstjenestene, kirken.stavanger.no, henta 13. mars 2016 
  3. Gyalwang Karmapa attends Interfaith Prayer Meeting for World Peace, Kagyu Monlam Chenmo, 1. januar 2009, arkivert frå originalen 11. februar 2010, henta 1. august 2016 

  Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.