Bălţi
Bălţi (russisk Бельцы, Beltsy, ukrainsk Бєльці, Beltsi) er ein by i Moldova. Han er den tredje største byen i landet med om lag 130 000 innbyggjarar, men den økonomisk viktigaste etter hovudstaden Chişinău). Han er ein av fem moldovske byar som har kommunestatus. Bălţi vert stundom kalla «den nordlege hovudstaden» og er eit stor senter for industri, kultur, handel og transport i nordlege område av Moldova. Byen ligg 127 km nord for Chişinău ved elva Răut, ei sideelv til Dnestr, i eit åslendt landskap midt på Bălţisteppa.
Bălţi | |||
---|---|---|---|
| |||
Styresmakter | |||
Land |
Moldova | ||
Grunnlagd Byrettar |
1620 1818 | ||
Borgarmeister | Vasile Panciuc | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By - Urbant |
78 km² 41,42 km² | ||
Innbyggjarar - By (2004) - folketettleik - Byområde |
127 600 1 748/km² 122 700 | ||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
Høgd over havet | 59 m | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
Diverse anna | |||
Postnummer | MD-3100 | ||
Telefon-retningsnummer | +373 231 X-XX-XX | ||
Heimeside: www.balti.md | |||
Plassering | |||
Plasseringa til Bălţii Moldova
|
Kjelde Endra
- Denne artikkelen bygger på «Bălţi» frå Wikipedia på engelsk, den 5. februar 2008.