Back in the USA av MC5

Back in the USA
Studioalbum av MC5
Språk engelsk
Utgjeve 15. januar 1970
Innspelt 1969
Studio GM Studios i Aust-Detroit i USA
Sjanger Hardrock, proto-punk, rock and roll
Lengd 28:08
Selskap Atlantic
Produsent Jon Landau
MC5-kronologi 
Kick Out the Jams
(1969)
Back in the USA High Time
(1971)


Back in the USA er det første studioalbumet (og det andre totalt etter konsertalbumet Kick Out the Jams i 1969) av det amerikanske rockebandet MC5. Det kom ut i 15. januar 1970.

Bakgrunn endre

Det sentrale fokuset på albumet gjekk bort frå den rå og skarpe stilen frå det første albumet deira, Kick Out the Jams (1969). Dette kom delvis av at produsenten Jon Landau misikte den røffe psykedelisk rock-rørsla og føretrekte ein meir beintfram rock and roll-stil.

Landau, som opphavleg skreiv for magasinet Rolling Stone, var på utkikk etter å bli meir involvert i faktisk musikkproduksjon. Han vart nær ven med sjefen i Atlantic Records, Jerry Wexler, og fekk sjansen til å produsere MC5, som nettopp var blitt droppa frå Elektra Records i 1969.

Songar endre

Opningssporet er ein versjon av den klassiske hitten «Tutti Frutti» av Little Richard. «Let Me Try» er ein ballade. «The American Ruse» går til åtak til det kvintetten frå Detroit såg som den hyklersk ideen til den amerikanske staten om fridom, og «The Human Being Lawnmower» uttrykkjer motstand mot Vietnamkrigen. Den siste songen på albumet, tittelsporet, er ein versjon av Chuck Berry sin «Back in the U.S.A.»

Utgjeving og mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [1]
Robert ChristgauA−[2]
Rolling Stonemiddels[3]

Sjølv om albumet vart rekna som ein flopp i starten og mangla kommersiell suksess, vart det seinare rekna som eit viktig album som synte kjernen i stilen til MC5.

I ei seinare melding skreiv Jason Ankeny i AllMusic «Sjølv om det manglar den monumentale innverknaden til Kick Out the Jams, er det andre albumet til MC5 i mange sine auge det beste og mest innverknadstunge».[1]

Ettermæle endre

I 2011 vart albumet rangert på 451. plassen på lista til magasinet Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene. NME sette albumet på 490. plass på ei liknande liste.

Innhald endre

Alle songar er skrivne av MC5, utanom der andre er nemnde.

Side A
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Tutti Frutti»Dorothy LaBostrie, Joe Lubin, Richard Penniman1:30
2.«Tonight» 2:29
3.«Teenage Lust» 2:36
4.«Let Me Try» 4:16
5.«Looking at You» 3:03
Side B
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«High School» 2:42
2.«Call Me Animal» 2:06
3.«The American Ruse» 2:31
4.«Shakin' Street» 2:21
5.«The Human Being Lawnmower» 2:24
6.«Back in the U.S.A.»Chuck Berry2:26

Medverkande endre

MC5
  • Rob Tyner – vokal
  • Wayne Kramer – gitar, korvokal, vokal på første og tredje refrenget av «Back in the USA», gitarsoloar på «Tutti Frutti», «Teenage Lust» og «Looking at You»
  • Fred «Sonic» Smith – gitar, korvokal, gitarsolo på «The American Ruse», solovokal på «Shakin' Street» og det andre refreenget på «Back in the USA»
  • Michael Davis – bass
  • Dennis Thompson – trommer
Andre medverkande
  • Danny Jordan – klaverinstrument
  • Pete Kelly – klaverinstrument
Teknisk
  • Jon Landauprodusent
  • Jim Bruzzese – lydteknikar
  • Stephen Paley – kunstnarisk leiar, fotografi
  • Joan Marker – design

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Ankeny, Jason. «Back in the USA – MC5 | Songs, Reviews, Credits, Awards | AllMusic». AllMusic. Henta 5. mai 2018. 
  2. Christgau, Robert. «Robert Christgau: CG: MC5». robertchristgau.com. Henta 5. mai 2018. 
  3. Marcus, Greil (14. mai 1970). «[Back in the USA review]». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 5. mai 2018. Henta 5. mai 2018. 

Bakgrunnsstoff endre