Opna hovudmenyen
)
Back to the Egg
Studioalbum av Wings
Utgjeve 8. juni 1979
Innspelt 29. juni 1978 – februar 1979
Studio Spirit of Ranachan Studios i Campbeltown; Lympne Castle i Kent; Abbey Road Studios og Replica Studio i London
Sjanger Rock
Lengd 42:01
Selskap Columbia (USA)
Parlophone (Storbritannia)
Produsent Paul McCartney, Chris Thomas
Wings-kronologi
Wings Greatest
(1978)
Back to the Egg McCartney II
(1980
Singlar frå Back to the Egg
  1. «Old Siam, Sir»
    Utgjeve: 1. juni 1979 (berre Storbritannia)
  2. «Getting Closer»
    Utgjeve: 5. juni 1979 (USA); 16. august 1979 (Storbritannia)
  3. «Arrow Through Me»
    Utgjeve: 14. august 1979 (berre USA)
  4. «Rockestra Theme»
    Utgjeve: 1979 (berre Europa)

Back to the Egg er det sjuande og siste studioalbumet til det britisk-amerikanske bandet Wings, gjeve ut i 1979 på Columbia Records i Amerika og Parlophone i Storbritannia. Paul McCartney var produsent på albumet i lag med Chris Thomas, der McCartney byrja å vri musikken mot moderne trendar som new wave og punk. Albumet vart spelt inn med dei nye Wings-medlemmane Laurence Juber og Steve Holley. Back to the Egg er bygd kring eit laust tema om eit arbeidande band og vart spelt inn i ein særs aktiv periode for bandet med turnering og arbeid med fleire fjernsyns- og filmprosjekt.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
Billboard«Spotlight»[2]
Robert ChristgauC[3]
Creem(positiv)[4]
The Essential Rock Diskografi5/10[5]
Melody Maker(negativ)[7]
MusicHound1/5[6]
Q3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[8]
Rolling Stone(særs negativ)[9]
The Rolling Stone Album Guide2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[10]
Smash Hits6/10[11]

Innspelinga av albumet byrja i juni 1978 og varte nesten eitt år. Innspelinga fann stad i Spirit of Ranachan Studios i Skottland, Lympne Castle i Kent og Abbey Road Studios og Replica Studio i London. Det sistnemnde vart bygd av McCartney som ein eksakt kopi av Abbey Road Studio 2, då dette ikkje var tilgjengeleg. Wings vendte attende til Abbey Road i mars 1979 for å fullføre albumet. Dei filma så inn fleire musikkvideoar i Lympne og andre stader, som vart til fjernsynsshowet Back to the Egg.

Back to the Egg fekk negativ kritikk då det kom ut. Sjølv om albumet nådde høgt på listene verda over og selde til platinaplate i USA, vert det rekna som kommersielt mislukka samanlikna med tidlegare Wings-album. Av singlane – «Old Siam, Sir», «Getting Closer» og «Arrow Through Me» – var det berre «Getting Closer» som nådde Topp 20 i Storbritannia eller Amerika. Songen «Rockestra Theme» vart spelt inn med ei rekkje gjestemusikarar frå The Who, Led Zeppelin og Pink Floyd og vann Grammyprisen for beste rockeinstrumental i 1980.

Wings turnerte i Storbritannia for å marknadsføre albumet, men den planlagde verdsturneen enda i januar 1980, då McCartney vart arrestert i Japan for innehaving av marijuana.[12] Gruppa vart oppløyst tidleg året etter. Back to the Egg kom ut på ny i 1993, med bonusspor, og i 2007 for iTunes med singelen «Goodnight Tonight».

Innhaldsliste

InnhaldEndra

Alle songar er skrivne av Paul McCartney, utanom der andre nemnde. 

Side ein («Sunny Side Up»)
# Tittel Lengd
1. «Reception»   1:08
2. «Getting Closer»   3:22
3. «We're Open Tonight»   1:28
4. «Spin It On»   2:12
5. «Again and Again and Against» (Denny Laine) 3:34
6. «Old Siam, Sir»   4:11
7. «Arrow Through Me»   3:37
Side to («Over Easy»)
# Tittel Lengd
8. «Rockestra Theme»   2:35
9. «To You»   3:12
10. «After the Ball / Million Miles»   4:00
11. «Winter Rose / Love Awake»   4:58
12. «The Broadcast»   1:30
13. «So Glad to See You Here»   3:20
14. «Baby's Request»   2:49
Bonusspor på The Paul McCartney Collection frå 1993
# Tittel Lengd
15. «Daytime Nighttime Suffering»   3:23
16. «Wonderful Christmastime»   3:49
17. «Rudolph the Red-Nosed Reggae» (Johnny Marks) 1:48
Bonusspor på iTunes i 2007
# Tittel Lengd
18. «Goodnight Tonight» (extended version) 7:16

MedverkandeEndra

Wings og personell per Benitez.[13] Rockestra-besetninga i omslaget.[14]

Wings

Andre medverkande

Rockestra-besetninga på «Rockestra Theme» og «So Glad to See You Here»

Produksjon

Salslister og salstroféEndra

VekeslisterEndra

Liste (1979) Plassering
Australske Kent Music Report[16] 3
Den austerrikske albumlista[17] 12
Den kanadiske RPM-lista[18] 2
Den nederlandske albumlista[19] 11
Den franske SNEP-lista[20] 11
Den italienske FIMI-lista[21] 10
Den japanske Oricon-lista [22] 7
Den newzealandske albumlista[23] 9
Den norske VG-lista[24] 5
Den spanske albumlista[25] 7
Den svenske albumlista[26] 5
UK Albums Chart[27] 6
US Billboard 200[28] 8
Den vesttyske Media Control-lista[29] 16

ÅrslisterEndra

Liste (1979) Plassering
Den australske albumlista[16] 22
Den kanadiske albumlista[30] 20
Den franske albumlista[31] 17
Den italienske albumlista[21] 37

Salstrofé og salstalEndra

Region Salstrofé Salstal
Japan (Oricon Charts) 74,000[22]
Canada (Music Canada)[32] 2× Platina 200 000^
Storbritannia (BPI)[33] Gull 100 000^
USA (RIAA)[34] Platina 1 000 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

KjelderEndra

  • Denne artikkelen bygger på «Back to the Egg» frå Wikipedia på engelsk, den 21. mai 2018.
  • Badman, Keith (2001). The Beatles Diary Volume 2: After the Break-Up 1970–2001. London: Omnibus Press. ISBN 978-0-7119-8307-6. 
  • Benitez, Vincent P. (2010). The Words and Music of Paul McCartney: The Solo Years. Santa Barbara, CA: Praeger. ISBN 978-0-313-34969-0. 
  • Clayson, Alan (2003). Paul McCartney. London: Sanctuary. ISBN 1-86074-482-6. 
  • Doggett, Peter (2011). You Never Give Me Your Money: The Beatles After the Breakup. New York, NY: It Books. ISBN 978-0-06-177418-8. 
  • Doyle, Tom (2013). Man on the Run: Paul McCartney in the 1970s. New York, NY: Ballantine Books. ISBN 978-0-8041-7914-0. 
  • Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. ISBN 1-57859-061-2. 
  • Ingham, Chris (2003). The Rough Guide to the Beatles (1st utg.). London: Rough Guides. ISBN 978-1-84353-140-1. 
  • McGee, Garry (2003). Band on the Run: A History of Paul McCartney and Wings. Lanham, MD: Rowman & Littlefield. ISBN 978-0-87833-304-2. 
  • Madinger, Chip; Easter, Mark (2000). Eight Arms to Hold You: The Solo Beatles Compendium. Chesterfield, MO: 44.1 Productions. ISBN 0-615-11724-4. 
  • The New Rolling Stone Encyclopedia of Rock & Roll. New York, NY: Fireside/Rolling Stone Press. 1995. ISBN 0-684-81044-1. 
  • Perasi, Luca (2013). Paul McCartney: Recording Sessions (1969–2013). [S.l.]: L.I.L.Y. Publishing. ISBN 978-88-909122-1-4. 
  • Rodriguez, Robert (2010). Fab Four FAQ 2.0: The Beatles' Solo Years, 1970–1980. Milwaukee, WI: Backbeat Books. ISBN 978-0-87930-968-8. 
  • Sounes, Howard (2010). Fab: An Intimate Life of Paul McCartney. London: HarperCollins. ISBN 978-0-00-723705-0. 
  • Spizer, Bruce (2005). The Beatles Solo on Apple Records. New Orleans, LA: 498 Productions. ISBN 0-9662649-5-9. 
  • Strong, Martin C. (2006). The Essential Rock Diskografi. Edinburgh, UK: Canongate. ISBN 978-1-84195-827-9. 
  • Woffinden, Bob (1981). The Beatles Apart. London: Proteus. ISBN 0-906071-89-5. 
  1. Erlewine, Stephen Thomas. «Paul McCartney/Wings Back to the Egg». AllMusic. Henta 21. mai 2018. 
  2. Harrison, Ed (reviews ed.) (23. juni 1979). «Top Album Picks». Billboard. s. 64. Henta 26. november 2014. 
  3. Christgau, Robert. «CG: Wings». robertchristgau.com. Henta 21. mai 2018. 
  4. Cohen, Mitchell (September 1979). «Wings: Back To The Egg (Columbia)». Creem. Available at Rock's Backpages (krev innlogging).
  5. Strong, s. 696
  6. Graff and Durchholz, s. 731
  7. Hunt, Chris (ed.) (2005). «Chapter 4: 1976–1980». NME Originals: Beatles – The Solo Years 1970–1980. London: IPC Ignite!. s. 123. 
  8. Nicol, Jimmy (October 1993). «Re-releases: Paul McCartney The Paul McCartney Collection». Q. s. 119. 
  9. White, Timothy (23. august 1979). «Paul McCartney Back To The Egg». Rolling Stone. s. 55–56. Henta 21. mai 2018. 
  10. «Paul McCartney: Album Guide». rollingstone.com. Arkivert frå originalen 4. juli 2014. Henta 21. mai 2018. 
  11. Starr, Red. «Albums». Smash Hits. s. 25. 
  12. http://www.dailymail.co.uk/tvshowbiz/article-3103761/Paul-McCartney-reveals-given-marijuana-wants-set-good-example-children.html
  13. Benitez, pp. 88–94
  14. Back to the Egg (inner sleeve credits). Wings. MPL Communications. 1979. PCTC 257. 
  15. Terrill, Marshall (15. oktober 2010). «Exclusive: Ex-Wings gitarist, Laurence Juber, talks about having Paul McCartney as a boss». Daytrippin' Magazine. Henta 21. mai 2018. 
  16. 16,0 16,1 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  17. «Wings – Back to the Egg» (på tysk). austriancharts.at. Arkivert frå originalen 2. november 2012. Henta 21. mai 2018. 
  18. «RPM 100 Albums (11. august 1979)». Library and Archives Canada. Henta 21. mai 2018. 
  19. «Wings – Back to the Egg» (på nederlandsk). dutchcharts.nl. Arkivert frå originalen 21. mai 2018. Henta 21. mai 2018. 
  20. «InfoPlate: Tous les Albums classés par Artiste > Choisir Un Artiste Dans la Liste: Wings». infodisc.fr. Arkivert frå originalen 21. mai 2018. Henta 21. mai 2018. 
  21. 21,0 21,1 «Hit Parade Italia – Gli album più venduti del 1979» (på italiensk). hitparadeitalia.it. Henta 21. mai 2018. 
  22. 22,0 22,1 Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970–2005. Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9. 
  23. «Wings – Back to the Egg». charts.org.nz. Arkivert frå originalen 24. oktober 2012. Henta 21. mai 2018. 
  24. «Wings – Back to the Egg». norwegiancharts.com. Arkivert frå originalen 2. november 2012. Henta 21. mai 2018. 
  25. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  26. «Wings – Back to the Egg» (på svensk). swedishcharts.com. Arkivert frå originalen 24. oktober 2012. Henta 21. mai 2018. 
  27. «Artist: Paul McCartney». Official Chart Company. Henta 3. november 2013. 
  28. «Back to the Egg > Charts & Awards > Billboard Albums». AllMusic. Henta 3. november 2013. 
  29. «Wings, Back to the Egg» (på German). charts.de. Henta 4. november 2013. 
  30. «RPM Top 100 Albums of 1979». Library and Archives Canada. Henta 21. mai 2018. 
  31. «Les Albums (CD) de 1979 par InfoPlate» (på fransk). infodisc.fr. Arkivert frå originalen (PHP) 21. februar 2014. Henta 29. januar 2012. 
  32. «Canadian album salstrofé – Wings – Back to the Egg». Music Canada. 
  33. «British album salstrofé – Wings – Back to the Egg». British Phonographic Industry.  Enter Back to the Egg in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  34. «American album salstrofé – Wings – Back to the Egg». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH