Bad Homburg eller Bad Homburg vor der Höhe er ein by i Tyskland i delstaten Hessen med om lag 50 000 innbyggjarar. Byen ligg på den sørlege fjellsida av Taunus og grensar til Frankfurt og Oberursel.

Bad Homburg
Erloeserkirche i Bad Homburg
Erloeserkirche i Bad Homburg
Erloeserkirche i Bad Homburg
Motto
«Champagnerluft und Tradition»
(Sjampanjeluft og tradisjon)
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Bad Homburg
Bad Homburg is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Hessen
Darmstadt
Hochtaunuskreis
Geografi
Flatevidd
 - By

51,17 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

52 081
  1 020/km²
Koordinatar 50°13′0″N 8°36′0″E / 50.21667°N 8.60000°E / 50.21667; 8.60000
Høgd over havet 137-250 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 61348-61352
Telefon-retningsnummer 06172
Bilnummer HG, USI
Heimeside: www.bad-homburg.de

Byen er mest kjend for det medisinske mineralvatnet og kurbada (derfor Bad i namnet) og for kasinoet.

I dag er Bad Homburg igjen ein av dei rikaste byane i Tyskland, mykje på grunna av nærleiken til Frankfurt, og mange direktørar og tilsette i bankane i Frankfurt bur i Bad Homburg.

Historie endre

Byen vart grunnlagd rundt 1180 og fekk byrettar rundt 1330.

Fredrik I av Hessen-Homburg grunnla landgrevskapet Hessen-Homburg, og Fredrik II (1680 - 1708) vart kjend som Fyrste av Homburg. Etter den austerriksk-prøyssiske krigen i 1866 vart byen ein del av Preussen. Då kurbadet og kasinoet opna på midten av 1800-talet vart byen ein internasjonalt kjend kurstad, særleg for russiske adelsfolk.

Spaindustrien byrja då ein oppdaga Elisabethenbrunnen i 1834. Den første bygningen tilknytt badet og det første kasinoet vart bygd i 1841-1842 av brørne François (1806-1877) og Louis Blanc (1806-1852), som seinare tok over kasinoet i Monte Carlo. I 1860 fekk byen jernbanesamband med Frankfurt am Main.

I 1888 vart Bad Homburg kjend gjennom heile Det tyske keisarriket då keisar Vilhelm II erklærte slottet i Bad Homburg som sin sommarresidens.

Kurbadet gjekk dårleg i krigsåra, men tok seg kraftig opp att i etterkrigstida og gjennom siste halvdelen av 1900-talet var byen ein populær feriestad for rikfolk. 30. november 1989 vart Alfred Herrhausen, direktør for Deutsche Bank, drepen av ei bilbombe i Bad Homburg. Det vart hevda at dette var eit åtak frå Rote Armee Fraktion, men dette vart aldri avklart.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Bad Homburg