Badedrakt er ein type klesplagg ein kan bada eller symja i. Vanlegvis blei nemninga badedrakt brukt om ein drakt som er samanhengande og dekker det meste av torsoen.

Skisse av ein badedrakt

Tidlegare var badedrakt brukt for begge kjønn, men i dag viser det gjerne til badetøy for kvinner, sidan menn sjeldan går i samanhengande badetøy som dekker brystet. Dei brukar i staden badeshorts eller badebukse.

I tidlegare tider var det vanleg at kvinner gjekk med badetøy som gjerne bestod av nokon større bukser og toppar som dekte mykje av kroppen.

Den vanlegaste typen moderne badedrakt for kvinner har ikkje bein eller erme, slik at låra og skuldrene er heilt bare. Kor mykje av ryggen badedraktene dekker, varierer.

Todelt badetøy for kvinner blir kalla bikini, etter Bikiniatollen.

Galleri endre

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Badedrakt