Freden i Baden

(Omdirigert frå Baden-traktaten)

Freden i Baden var avtalen som enda fiendskapen mellom Frankrike og Det tysk-romerske riket, som hadde vore i krig sidan starten av den spanske arvefølgjekrigen. Han vart signert den 7. september 1714 i Baden i Sveits og utfylte freden i Utrecht og freden i Rastatt der keisar Karl VI aksepterte Utrecht-avtalen på vegner av Habsburgmonarkiet. I Baden-traktaten vart det formelt fred mellom Frankrike og Det tysk-romerske riket og den siste av dei mange konfliktane som var ein del av den spanske arvefølgjekrigen enda.

'Utsendingane ved fredskongressen i Baden 7. september 1714'. Måleri av Johann Rudolf Huber (1668–1748).

Kjelder endre