Bahareh Letnes (fødd 11. april 1990)[3] er ein norsk-iransk flyktning, tannlegeassistent[4] og forretningskvinne. Ho har vore med i fleire venleikstevlingar, og blei kåra til Miss Iran 2013, Miss Globe Iran 2014 og Miss Grand International Iran 2014,[5] og blei nummer to i Miss Top of the World 2013.[1]

Bahareh Letnes

Fødenamn Bahareh Heidari Nasser-rad[1] eller Nasserabad[2]
Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. april 1990 (34 år)
Iran
Yrke bar manager, venleikstevlingsdeltakar, realitydeltaker
Politisk parti Venstre
Partnar Per Sandberg

Letnes kom frå Iran til Norge som tenåring. Ho fekk tre avslag på søknad om asyl og blei tvangsreturnert til Iran.[5] Sidan ho mangla dei rette dokumenta blei ho send tilbake til Noreg, og fekk til slutt innvilga opphald fordi ho var ung og kunne risika tvangsekteskap i heimlandet.[5]

Letnes har arbeidet med relasjonsbygging mellom Iran og Norge, og eig mellom anna enkeltpersonføretaket B & H General Trading Company. Bahareh Letnes.[6]

Letnes blei offentleg omtalt då det kom fram at ho hadde eit kjærasteforhold til fiskeriminister Per Sandberg, og at dei to hadde reist til Iran saman.[7] Saka enda med at Per Sandberg gjekk av som fiskeriminister 13. august 2018.[8] Seinare same året gav paret ut bok om saka.

Verk endre

  • Per Sandberg og Bahareh Letnes: Fremmede makter har flyttet inn. Justismord og politisk drap, Juritzen forlag 2018. ISBN 9788233801489.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Mahmoud Faramand: «Per Sandbergs utfordring», Nettavisen 31. juli 2018
  2. zetaboards.com Arkivert 2018-07-31 ved Wayback Machine. (Besøkt 31. juli 2018)
  3. birthday.se (henta 31. juli 2018)
  4. «Pent Smil - ansatte». Arkivert frå originalen 2. august 2018. Henta 12. august 2018. 
  5. 5,0 5,1 5,2 Martine Aurdal: «Per Sandbergs forhold til og ferie med Miss Iran 2013 er pikant. Det er også en potensiell sikkerhetsrisiko», Dagbladet 30. juli 2018
  6. Kunngjøring i Brønnøysindregisteret 8. januar 2018
  7. vg.no 9. august 2018: Per Sandberg nekter å svare på hvorfor han ikke varslet om Iran-reisen (med video om bakgrunnen for saken om saken)
  8. Kalajdzic, Pedja. «Per Sandberg går av som statsråd og Frp-nestleder». NRK (på norsk bokmål). Henta 13. august 2018.