Baise i Guangxi
Baise (hanzi 百色, pinyin Bǎi Sè, tidlegare Bósè) er eit byprefektur i den autonome regionen Guangxi i Folkerepublikken Kina.
Baise ligg nordvest i Guangxi og grensar til provinsane Guizhou og Yunnan, og til Vietnam. Prefekturet ligg midt mellom tre sørvestkinesiske administrasjonshovudstadar, Nanning, Kunming og Guiyang. Av arealet på 3 726 km² er meir enn 55% skog.
Klimaet i Baise er tropisk, og det ligg i monsunområdet. Den årlege nedbøren er gjennomsnittleg på 1115 mm, og snittemperaturen er 22 °C.
Baise vart grunnlagt i 1730.
Administrative einingarEndra
Baise omfattar eitt bydistrikt, 11 fylke og eitt autonomt fylke.
Bydistrikt:
- Youjiang (右江区)
Fylke:
- Longlin (隆林县)
- Leye (乐业县)
- Xilin (西林县)
- Tianlin (田林县)
- Lingyun (凌云县)
- Tianyang (田阳县)
- Tiandong (田东县)
- Pingguo (平果县)
- Debao (德保县)
- Napo (那坡县)
- Jingxi (靖西县)
Autonomt fylke:
- Longlin Gezu Zizhi (隆林各族自治县)
DemografiEndra
Folkesgruppene zhuang, han, yao, hui og miao er dei mest talrike i prefekturet.
ØkonomiEndra
Baise er ein av dei viktigaste produsentane av aluminium i Kina, med både gruvedrift, foreidling og produksjon av aluminiumsprodukt. Det tropiske klimaet legg til rette for stor fruktproduksjon. Ellers er trevirke og treprodukt viktige og der er også petroleum, naturgass, kopar og kvarts. Baise er også den tredje største vasskraftprodusenten i Guangxi med ein årleg produksjon på fem millionar kilowatt.
TurismeEndra
Området har ven natur.[treng kjelde] Dei skogdekte fjellområda i Baise har mange plante- og dyreslag. Grensetraktene er blant dei minst utvikla delane av Kina. Dette, saman med det etniske mangfaldet, har vore gunstig for utviklinga av turistnæringa.
BakgrunnsstoffEndra
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
- Denne artikkelen bygger på «Baise i Guangxi» frå Wikipedia på bokmål, den 13. oktober 2009.