Bakelse er eit svensk ord for bakverk i porsjonsstorleik med fyll.[1] Det skil seg frå tårta, ei større kake som består av fleire porsjonar.

Budapestkake

Ordet «bakelse» kjem frå nedertysk backels(e)[2] som betyr bakverk eller noko som er bakt. Norsk «bakkels» har same avleiing, men ei noko anna tyding. Bakelse fekk ikkje si noverande tyding som sukkerbrød før på 1600-talet.[3]

Omgrepet blir brukt om samansatte bakverk som består av fløyte- eller smørkrem, frukt eller syltetøy og ein botn laga av deig. Kjeks eller fruktdessertar er ikkje rekna som bakelse, sjølv om dei inneheld nokre av dei same ingrediensane og blir laga i porsjonsstorleik.[3]

Manga typar bakelse har namn etter kjende personar eller hendingar, til dømes Gustav Adolf-bakelse til minne om kong Gustav II Adolf[3] eller Estelle-bakelse etter prinsesse Estelle av Sverige.[4] Andre døme på bakelse er fastelavnsbolle, petit-chou, napoleonskake, Sarah Bernhardt-bakelse, nationaldagsbakelsen, runebergstårta og budapestbakelse.

Kjelder endre

  1. bakelse | SO | svenska.se (på svensk), henta 19. mai 2019 
  2. bakelse | SAOB | svenska.se (på svensk), henta 19. mai 2019 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Bakelse». Arkivert frå originalen 31. oktober 2016. 
  4. «Våra produkter», www.lanemokonditori.se, arkivert frå originalen 19. mai 2019, henta 19. mai 2019