Bakkøyna

øy i sjø i Austrheim

60°46′46″N 04°59′14″E / 60.77944°N 4.98722°E / 60.77944; 4.98722

Bakkøyna
øy
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Austrheim kommune
Høgaste punkt 51 moh.
Areal km²
Folketal 124  (2023)
Folketettleik 21 / km²
Kart
Bakkøyna
60°46′46″N 4°59′14″E / 60.77947°N 4.98716°E / 60.77947; 4.98716

Bakkøyna er den nest største øya i Austrheim kommune i Vestland. Ho er skilt med smale sund frå fastlandsdelen av Austrheim og øya Keila i Alver kommune i aust, og frå Njøta og Fosnøya i vest. Det går bru til fastlandet i nordaust og til Ulvøyna i nordvest.

Det er funne fornminne med spor etter steinalderbusetnad på øya. Bakkøyna fekk straum i 1953-54. Skulen på øya vart lagt ned i 1963. I 1971 kom brusambandet til fastlandet.

Øya låg i Lindås kommune fram til 1910.

Folketalsutvikling:

1801[1] 1900[2] 2000[3] 2023[3]
60 163 156 124

Kjelder

endre
  1. Folketeljing 1801 for Lindås prestegjeld, frå Digitalarkivet
  2. Folketeljing 1900 for Lindås herred, frå Digitalarkivet
  3. 3,0 3,1 Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå
  • Arvid Skogseth, Austrheim i fortid og notid (Austrheim kommune, 2000)