Bakteriocyttar er ein type seller som finst i ei rad insektordenar og som er spesialiserte for å husa bakteriar.[1] Bakteriocyttar kan danna eit eige organ, bakteriomet. Bakteriane som lever i bakteriocyttar kan gje insektet føremoner og er ei form for symbiose (endosymbiose).[2]

Bilete av ein bakteriocytt frå bladlusa Acyrthosiphon pisum. Det sentrale objektet er sellekjernen til bakteriocytten, og dei runde objekta kring er Buchnera aphidicola-bakteriar

Kjelder endre

  1. Moran, Nancy A.; Telang, Aparna (april 1998). «Bacteriocyte-Associated Symbionts of Insects». BioScience 48 (4): 295. JSTOR 1313356. doi:10.2307/1313356. 
  2. Anselme, Caroline; Pérez-Brocal, Vicente; Vallier, Agnès; Vincent-Monegat, Carole; Charif, Delphine; Latorre, Amparo; Moya, Andrés; Heddi, Abdelaziz (16. oktober 2008). «Identification of the Weevil immune genes and their expression in the bacteriome tissue». BMC Biology 6: 43. PMC 2590597. PMID 18925938. doi:10.1186/1741-7007-6-43. 
  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.